Hopp til innhold

Hedda blei nyttårsbarnet

Ei lita jente blei nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane.

Nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane 2012

NYTTÅRSBARNET: Lille Hedda blei fødd ved Førde sentralsjukehus 1. nyttårsdag.

Foto: Elin Sande

Ho kom til verda på Førde sentralsjukehus klokka 04:21 og var 3830 gram og 51 centimeter lang.

Mor Elin Sande fortel at fødselen gjekk veldig greitt og at alt står bra til med både mor og barn.

– Alt har gått greitt og eg vil takke flinke jordmødrer her ved sjukehuset.

Terminen var 30. desember og Sande og sambuaren kom til sjukehuset om føremiddagen nyttårsaftan.

– Eg visste ganske tidleg at fødselen ikkje kom til å skje før etter midnatt og at kunne bli eit nyttårsbarn.

Og namnet på den vesle jenta er allereie klart.

– Ho skal heite Hedda, fortel ei stolt og glad mor.

Sande er frå Dale i Fjaler og har to born på 7 og 11 år frå før, Mia og Kaia. No bur ho og sambuar Dag Loftesnes i Sogndal. Seinare i dag kjem storesøstrene for å sjå den nye verdsborgaren.

Ein ringerunde til sjukehusa på Voss og i Volda, viser at ingen fjordingar eller sogningar førebels er fødde der 1. nyttårsdag. Dei tre føregåande åra er nyttårsbarnet i fylket fødd ved Nordfjord sjukehus, men denne jula er fødeavdelinga der stengd.

Årets nyttårsbarn i Norge blei fødd i Rogaland. Klokka 00.01 kom ein liten gut til verda ved Stavanger Universitetssjukehus.