Hopp til innhold

Ny verdsborgar med dårleg tid

Gravide Anne Mårdalen (40) og Ivar Tistel (36) trudde dei hadde god tid då dei skjønte at ting byrja å skje i morgontimane nyttårsdag.

Den nye verdsborgaren i Vik fekk det travelt første nyttårsdag.

TRAVELT: Den vesle jenta fekk det travelt i timane etter at fyrverkeriet var skote opp.

Foto: privat

Men det hadde ikkje paret frå Limmesand i Vik i Sogn. To timar og eit kvarter seinare, klokka 0616, vart dei foreldre til ei jente på 3585 gram og 51 centimeter.

- Det verste var å køyre til Helsetunet. Nesten ei mil med klink is på fylkesvegen. Det var berre å ta det med ro, fortel pappa Ivar Tistel.

25 minutt

Terminen er i desse dagar, så dei var budde på at ting kunne skje når som helst etterkvart som tida nærma seg årsskiftet. Då Anne vakna av at sonen Jens (2) var vaken, tok det litt tid før dei skjønte at det var berre å komme seg i bilen.

Men Vikafjellet var stengt. Og med to timars køyring til Lærdal sjukehus viste det seg etterkvart at det vart for langt.

- Vi hadde nok ikkje køyrt Vikafjellet uansett, men køyrde rett til Helsetunet i Vik. 25 minutt etter at vi kom fram, var jenta komen til verda. Nokon har det kjappare enn andre, ler Tistel.

- Det er raskt

Alt står bra til med både mor og barn som no er komne til Lærdal sjukehus. Jordmor i Vik, Kari Haga, fortel at ein fødsel på knappe to timar er raskt.

- Men vi ser ofte ved fleiregongsfødande at dersom så er det lett for at det kan skje igjen. Då er eg også budd på at det kan bli både transportfødsel og kontorfødsel, fortel Haga og legg til at både ambulansepersonell og lege var tilstades under fødselen.

Utan dramatikk

Tistel seier dei var langt frå budde på kor langt fødselen var komen då dei i nattetimane sette seg i bilen. Han fortel fødselen gjekk utan dramatikk.

- Vi skjønte ikkje heilt kva som skjedde. I verste fall kunne vi ha sovna att. Vi vakna av Jens, men etter litt skjønte vi at det var meir som skjedde. Vi fekk beskjed om å berre kome oss avgarde, fortel han.

I beste hender

Eit Helsetun er langt mindre utrusta samanlikna med sjukehus til å gjennomføre fødslar. Problematisk er det likevel ikkje.

- Det kunne nok blitt vanskeleg dersom komplikasjonar. Men Kari er ei erfaren jordmor, så vi visste at vi var i dei beste hender, seier han og legg til at det vart meir dramatisk då sonen vart fødd.

Også då var Vikafjellet stengt. Vegen til Førde sentralsjukehus gjekk med båt til Nordeide der dei vart henta av ambulansen.

Like stolt som foreldra

Haga har vore jordmor i Vik i 25 år. Ho fortel at ho var vore med på raskare fødslar tidlegare. I desember var ho jordmor under ein fødsel som var over 15 minutt etter at paret kom til Helsetunet.

Haga var budd på ein rask fødsel då i morgontimane laurdag vakna til telefon frå det ventande paret.

- Det er utfordrande, men ein blir drilla på det etterkvart. Når det skjer så fort, så tenkjer eg at det er betre å få meir hjelp på Helsetunet enn å føde i ein ambulanse. Det fødande har behov for er rolege omgjevnader, seier ho. Og legg til:

- Eg er minst like stolt som foreldrene.

Viktig med lokalsjukehus

Tistel meiner fødselen viser kor viktig det er med lokalsjukehus. I dag er fødetilboda både i Eid og Lærdal truga av nedlegging.

- Det er utruleg viktig for fødande å halde kompetansen oppe i kvar kommune. Jordmødrene hospiterer på lokalsjukehusa og får viktig fagleg input, seier han. På mobiltelefon på veg heim til Vik etter å ha følgd den nyfødde og mora til sjukehuset i Lærdal.