Hopp til innhold

Luftputebåt med åtte om bord sat fast 150 meter frå land

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei åtte personane som sat fast i ein luftputebåt 150 meter ute på Veitastrondvatnet er alle i god behald. Takka vere ein lokal redningsaksjon kom alle seg velberga heim etter dramaet på vatnet.

Luftputebåten som veitastrendingane nyttar for å komme seg mellom Veitastrond og Hafslo når det er rasfare langs fylkesveg 337, køyrde seg fast i ettermiddag.

Men i 18.30-tida skal alle dei åtte om bord, deriblant tre born, vere komne velberga i land på Veitastrond.

– Korkje politi eller brannmannskap kom seg lenger enn til Hafslo grunna dei mange rasa på vegen til Veitastrond. Men dyktige lokale krefter i tillegg til dei om bord klarte å alle trygt i land. Dei har gjort ein kjempejobb, seier vakthavande ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Frode Korneliussen.

Brannsentralen fekk melding om at båten stod fast på vatnet klokka 17.15, og då vart alt tilgjengeleg mannskap sendt mot staden.

Men tilhøva var svært krevjande. Tidlegare på dagen vart fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond stengd grunna mange ras på strekninga. Det var difor uvisst om det ville vere mogleg for hjelpemannskapa å komme seg fram.

Er avhengige av luftputebåten

Den vesle bygda Veitastrond i Luster kommune er vane til ras og stengde vegar. Nettopp fordi vegen ut og inn av bygda så ofte er stengd av ras vinterstid har dei skaffa seg luftputebåt for å ha moglegheit til å komme seg til og frå bygda sjølv om vegen er stengd.

Men laurdag ettermiddag køyrde båten seg fast ute på Veitastrondvatnet.

– Det er problematisk for vegen er stengd fleire stadar. Vi har ikkje fullstendig oversikt endå. I tillegg er det mørkt, så det er ikkje mykje ein ser, seier Eide.

Alt tilgjengeleg mannskap er kalla ut, og båten skal stå fast i nærleiken av Kvam.

– Vi veit ikkje så mykje meir før vi får oversikt, seier Eide.

Luftputebåten frammafrå

I FART: Luftputebåten ser slik ut. Dette biletet er teke i ein annan samanheng.

Foto: John Molland