Hopp til innhold

Svenskane kan stikke kjeppar i hjula for kvernsteinparken

Avgjerda om Kvernsteinsparken i Hyllestad kjem inn på UNESCO si verdsarvliste er utsett i alle fall i eitt år.

Kvernsteinparken

VIL PÅ GJEV LISTE: Målet er å få Kvernsteinparken inn på verdsarvlista til UNESCO.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Årsaka er at svenske styresmakter har trekt seg ut av samarbeidsprosjektet om unike vikingstader i Nord-Europa. Seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, Lisen Roll, er skuffa over svenskane.

– Vi er skuffa over dette, vi kan ikkje seie noko anna, seier ho.

Kvernsteiner

Steinbrota har truleg eksistert frå forhistorisk tid.

Kan stikke kjeppar i hjulet

For prosjektleiaren hos riksantikvaren kom det brått på at svenskane meinte at vikingbyen Birka ikkje skulle vere med vidare. Dette kan stikke kjeppar i jula for kvernsteinsparken i Hyllestad sin draum om verdsarvstatus.

– Svenskane seier dei har ei litt anna haldning til vikingtida enn vi i Norge, Dei meiner at nominasjonsdokumentet var prega av nasjonalromantiske haldningar og at det mangla perspektiv på samfunnsklassar, kvinner og born, seier Roll.

Kvernstein frå 700-talet

I Hyllestad har ein funne spor etter produksjon og eksport av Kvernstein heilt tilbake til 700-talet. Sidan 2010 har ein jobba i herdig for at kvernsteinsparken skal inn på Unesco-lista saman med ei rekkje andre Viking-stader i Nord-Europa. At svenskane trekk seg ut, fører til minst eitt års utsetjing før Hyllestad kan smykke seg som verdsarvområde.

Norsk Kvernsteinssenter

OPTIMIST: Astrid Waage i kvernsteinparken håper på lykkeleg utgant på det heile.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det betyr at vi får ein heil del meirarbeid med å skrive om sjølve søknaden, seier leiar for Norsk kvernsteinssenter, Astrid Waage.

Er ikkje uroa

Ho vonar sterkt at svenskane si utmelding av prosjektet ikkje vil gjere det vanskelegare for verdsarvtanken i Hyllestad.

– Vi er litt utolmodige, men eg er ikkje uroa. Eg håper det blir ein lykkeleg utgang på det. Vi får ta den tida som trengst for å gjere eit skikkeleg forarbeid både på lokalt og sentralt hald.