– Det er heilt utruleg at våre forfedre for 1300 år sidan har gjort noko som no blir sett på som universelt viktig. Viktig nok til å komme på Unesco si verdsarvliste, seier dagleg leiar Astrid Waage ved Kvernsteinsparken.
Ho fann fram champagnen då gladmeldinga kom like etter klokka ni fredag.
Urnes, Nærøyfjorden - og Hyllestad?
På ein pressekonferanse i Borre i Vestfold kunngjorde miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) og riksantikvar Jørn Holme Hyllestad-parken sitt kandidatur.
Dermed kan Sogn og Fjordane få sin tredje attraksjon på den høgthengjande Unesco-lista. Frå før er Urnes stavkyrkje og Nærøyfjorden på lista.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
Viking-industri
Kvernsteinparken i tek føre seg den spesielle historia til det som må kunne kallast eit historisk steineventyr i Hyllestad.
Ein spesiell steinart gjorde bygdene til Åfjorden til eit lite «industrisamfunn» for tusen år sidan. Her vart det hogge ut tusenvis av kvernsteinar, og jamvel heilage krossar som no står på fleire stader på Vestlandet, stammar frå steinhoggeria i Hyllestad.
Artikkelen held fram.
I 1995 starta kvernsteinsprosjektet som tok sikte på å sikre kvernsteinsbrota og byggje ein kvernsteinpark som skulle fortelje og bevare historia til den særeigne og eldgamle industrien. I 2002 stod kong Harald og dronning Sonja for den offisielle opninga av Kvernsteinsparken.
Vikingtida skal fram i lyset
– No håpar eg turistane finn vegen, seier Astrid Waage som håpar kandidaturet og ein eventuell plass på verdsarvlista skal gi store ringverknader.
Norge samarbeidar med Island, Danmark, Sverige, Tyskland og Latvia om å få historiske vikingstader inn på verdsarvlista. Fleire viktige historiske stader frå vikingtida i Norge er med på nominasjonen.
Representerer samfunnsendring
Kvernsteinsbrotet i Hyllestad er spesielt interessant sidan det viser at vikingane ikkje berre var blodtørstige krigarar, men også eit høgt utvikla handelsfolk.
– Vi har tenkt grundig gjennom kva stader Norge har, som dei andre landa ikkje har. De andre landene har ikkje skipsgraver, og dei har heller ikkje et så godt bevis som Hyllestad på vikingane som handelsfolk. Vi veit om steinar i Baltikum, Sverige og Polen som stammar frå dette steinbrotet, så vi har bevis på at lenge før tørrfiskeksport, trelasteksport, gass- og olje, så var kvernstein frå Norge ein av eksportartiklane, seier riksantikvar Jørn Holme til NTB.