I ei pressemelding skriv Fylkeskommunen at avtalen gjev moglegheiter for auke i dei offentlege løyvingane til musea i Sogn og Fjordane.
Det historiske kvernsteinbrotet i Hyllestad fortel historia om den eldste kvernsteinindustrien i Norge. Ein spesiell steinart gjorde bygdene til Åfjorden til eit lite «industrisamfunn» for tusen år sidan.
Eit steineventyr
Kvernsteinparken tek føre seg den spesielle historia til det som må kunne kallast eit historisk steineventyr i Hyllestad. Her vart det hogge ut tusenvis av kvernsteinar, og jamvel heilage krossar som no står på fleire stader på Vestlandet.
Den nye avtalen gjer at Norsk Kvernsteinssenter får meir føreseielege økonomiske rammer for drifta framover.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Viktig å ta var på verdiane
Viktige oppgåver for ivaretaking av verdsarvverdiane i kvernsteinslandskapet blir i tillegg ein integrert del av ansvarsfeltet til Musea i Sogn og Fjordane.
Musea i Sogn og Fjordane er i dag ei samanslåing av Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger–Sogn Folkemuseum.