Hopp til innhold

Inga avklaring etter dødsulukke før på nyåret

Politiet kjem ikkje til å ta stilling til ein eventuell påtale etter dødsulykke på Klavelandet i Flora før etter nyttår.

Klavelandet

OMKOM: Ein 51 år gammal mann omkom i november.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det skriv Firdaposten. Ein 51 år gammal mann omkom då han vart påkøyrd på riksveg 5 ved Klavelandet i Florø 1. november.

Det er gjort mange avhøyr av vitne og førre veke rekonstruerte politiet dødsulykka. Politiet vil ikkje konkludere i saka enno og politiadvokat Lisa Førde Refsnes seier at dei jobbar med informasjonen som har kome fram.

– Det står att ein del arbeid, seier ho til avisa.

Ulykkessjåføren har automatisk status som sikta i saka, og er fråteken førarkortet.