Politiet har fredag ettermiddag frigjeve namnet på mannen som omkom etter trafikkulukka på Klavelandet torsdag. 51-åringen var ute og gjekk på rulleski då han vart køyrd ned av ein bil.
- LES OGSÅ:
Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe og politiet jobba i går kveld og natt på staden, men ein kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.
Politiet har bede bilførarar som var i området mellom Brandsøya og Helgøya på riksveg 5 i Florø i tidsrommet rundt ulukka om å melde seg. Dei har allereie fleire vitne til ulukka, men seier det kan vere fleire som har opplysningar i saka.
– Vi har vitneobservasjonar frå hendinga, men vi veit det har vore bilar og personar på plassen umiddelbart etter hendinga som vi ikkje har namna på. Vi ønskjer at dei som kan ha nokon opplysningar til oss, tek kontakt på telefon slik at vi får snakka litt med dei, sa operasjonsleiar Wenke Hope til NRK.no tidlegare fredag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: