Hopp til innhold

Er nøgde med vellukka ulykkes-rekonstruksjon

Rekonstruksjonen av dødsulykka på Klavelandet i Florø torsdag kveld drog ut i tid, men politiet karakteriserer opplegget som vellukka. Dei meiner dei har dei svara dei treng for den vidare etterforskinga.

Klavelandet

BRUKTE TID: Politiet brukte lenger tid enn planlagt på rekonstruksjonen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Rekonstruksjonen gjekk veldig bra. Vi brukte ein god del lenger tid enn det som var planlagt, men det var ei god gjennomkøyring, fortel etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes.

Ein 51 år gammal mann omkom då han vart påkøyrd på riksveg 5 ved Klavelandet i Florø 1. november. Politiet har ikkje ønskt å konkludere med kva som har vore årsaka til ulykka før rekonstruksjonen var gjennomført.

Vart halvanna time lengre enn planlagt

Torsdag skulle politiet, sikta, samt to vitne til ulykka, rekonstruere det som skjedde novemberkvelden. I tillegg til ulykkesbilen var det ein kranbil og ein tredje bil som køyrde austover på ulykkestidspunktet.

I utgangspunktet skulle rekonstruksjonen vare mellom klokka 18.00 og 21.00, men arbeidet på staden var ikkje ferdig før like etter klokka 22.30 torsdag.

– Vi gjennomførte tre vitneavhøyr på staden. Dei tre fekk etter tur styre kor bilane stod, samt forklare seg, seier Barsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegvesenet var med

GRUNDIG: – Eg føler at vi har fått gjennomført ein grundig rekonstruksjon av det som hende, seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Trur det var ei lette

– Alle dei involverte fekk bruke den tida dei trengde. Det var nok ei påkjenning, men samtidig trur eg det også var ei lette for spesielt den sikta at vi endeleg fekk gjennomført rekonstruksjonen, seier Barsnes.

Rekonstruksjonen har vorte utsett i tid, først fordi ein ville gjennomføre den på tørr asfalt, og sidan fordi det baud på utfordringar å få på plass kranbilen som måte til.

– Tilhøva torsdag var gode og vi fekk jobbe i fred. Eg trur tilhøva var så nær dei faktiske forhold som det var råd å komme på denne årstida, understrekar Barsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mykje mannskap

MANNSTERKE: I tillegg til sikta og dei to vitna var sju polititenestemenn, politijuristen og to personar frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen med på rekonstruksjonen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Brukte politimann som figurant

Etter at vitna hadde forklart seg, gjennomførte mannskap frå politiet og Statens vegvesen ein seksjon utan vitna.

– Avstandane vart nøye målte opp. I tillegg var ein politimann kledd som den omkomne, og det vart sjekka kor godt synleg vedkommande var i forhold til forskjellige avstandar og lyssetjing, seier Barsnes.

Alt som kom fram under rekonstruksjonen er teke opp på lydband og video.

Han ønskjer ikkje å kommentere kva konkret som kom fram under rekonstruksjonen.

– Vi har hatt ein grundig og god rekonstruksjon, og vi har fått dei svara vi treng for å sende saka vidare til påtalemakta for avgjerd, seier Barsnes.

Han håpar å ha rapporten klar for påtalemakta før jul.

– Så er det opp til påtalejuristen kva som skjer vidare, seier Barsnes.

I tillegg til sikta og dei to vitna var sju polititenestemenn, politijuristen og to personar frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen med på rekonstruksjonen.