Hopp til innhold

Byrknes Auto seld til Tollpost

Ei av dei største transportbedriftene her i fylket, Byrknes Auto, vert no seld til transportgiganten Tollpost Globe.

Trailer frå Byrknes Auto

SELD: Byrknes Auto er seld til Tollpost Globe, som er ein del av PostNord-systemet.

Foto: Byrknes Auto

Ifølgje Transportmagasinet har ryktene om eit oppkjøp pågått ei tid, men først i dag blei det stadfesta at eigarskapet i Byrknes Auto no går ut av fylket.

– For dei tilsette vil det ikkje bli hurtige endringar. Vi køyrer vidare med dei same sjåførane og dei same tilsette. Men det er klart at vi no vil få tilgang eit fullt oppegåande stykkgodssystem nærast over natta. Dette vil gje enda betre utnytting av materiellet, seier styreleiar Stein Inge Larsen.

– Sterk konkurranse

Han legg vekt på at det er den sterke konkurransen i transportnæringa som gjer at salet kom i boks.

– Moglegheitene for å vekse og skape god logistikk framover er nesten håplaus for små firma, sjølv om vi er blant dei store, seier Larsen.

– Kva er prisen Tollpost måtte betale?

– Det kan eg dessverre ikkje uttale meg om, men det er ein stor tranaksjon i transportsamanheng.

Held på namnet

Byrknes Auto har hovudkvarter på Byrknes i Gulen, men har i mange år hatt ein sentral posisjon over heile landet med hovudvekt på termotransport av fisk og daglegvarer.

– Byrknes Auto-namnet og samtlege tilsette blir teke med inn i Tollpost og vi skal drive vår verksemd vidare, slik at kundane våre vil ikkje merke nokon endring. Alle tilsette har jobb vidare, sler Larsen fast.

Leiger ut tomt

Stein Inge Larsen eig framleis ei stor industritomt i Oslo, denne vil ha no leige ut til PostNord, som igjen eig Tollpost Globe.

Byrknes Auto har kring 100 tilsette og omsette for nær 300 millionar kroner i 2011. Salet av selskapet skal no godkjennast av konkurransestyresmaktene.