Hopp til innhold

Brukte pepperspray mot seljarar

Ein bilførar måtte bruke pepperspray for å komme seg unna ei gruppe pågåande bulgarske seljarar.

Bulgarere blir tatt

Her blir dei åtte bulgararane arrestert av politiet.

Foto: Yngve Paulsen

Politiet måtte gripe inn mot ei gruppe bulgararar som stoppa folk og var svært pågåande i Herjangen i Bjerkvik og på Gratangsfjellet onsdag, skriv Fremover.

Ein mann frå Tromsø måtte bruke pepperspray for å komme seg unna då ein av dei bulgarske seljarane hoppa ut i vegen, og så prøvde å ta seg inn i bilen hans.

- Først trudde eg det var nokon som trengte hjelp. Difor tok eg opp vindauget på førarsida av bilen. Då stakk mannen armen inn og prøvde å gripe bilnøklane.

Tromsø-mannen vart så skremt at han fann fram ei flaske pepparspray han hadde liggande i bilen, og ga bulgararen ein dusj i ansiktet.

- Då forsvann han fort. Mannen verka veldig aggressiv, og prøvde å åpne bakdøra, men eg har ein relativt ny bil med automatisk låsing, så dei kunne berre åpnast frå innsida. Ungene mine blei hysteriske. Jeg fekk så panikk at eg prøvde å rygge ham ned, forklarar mannen.

Tromsø-mannen ynskjer å vere anonym, fordi han fryktar at banden kan komme til å oppsøke familien.

Arrestert og sett fri igjen

Dei åtte bulgararane, seks vaksne og to born, stoppa fleire bilar og sa dei ikkje hadde pengar til bensin. Vidare prøvde dei å selgje juggel som gull, og fleire personar oppfatta dei som trugande, opplyser politiet til Fremover.

- Sånn kan vi ikkje ha det, seier operasjonsleiar Stein

Hovudmannen blir tatt inn på politistasjonen

Alle dei åtte blei frakta til politistasjonen i Narvik. Hovudmannen måtte betale 1.000 kroner i bot for overlast i bilen.

Foto: Yngve Paulsen

Wilhelmsen ved Midtre Hålogaland Politidistrikt.

Til slutt måtte politiet gripe inn, og etter å ha leita i to timar klarte politiet å pågripe dei åtte, og ta dei med inn til avhøyr i Narvik. Etter kort tid vart samtlege sett fri igjen. Berre hovudmannen fekk straff, i form av ei bot på 1.000 kroner for overlast i bilen dei køyrde.

BMWen bulgararane køyrde var berre registrert for fem mennesker.