Over heile landet får tusenvis av skulebarn og unge sommarferie i dag. At det i tillegg er helg, gjer at norske flyplassar reknar med langt større trafikk enn normalt.
På Flesland Lufthamn i Bergen var det allereie kødanning då NRK snakka med passasjerar der like før klokka 11.
Møtte opp på Flesland ekstra tidleg
Ingeborg Marie Ekenes og mannen Torkild Ekenes hadde tatt seg ekstra god tid før dei skulle fly i dag.
–Vi er alltid ute i god tid, vi. Eller, mannen min er veldig flink til å vere ute i god tid. Sjølv er eg litt meir "akkurat på tida"-typen, og det hadde vel vore litt dumt akkurat i i dag, smiler ho.
Randi Ferstad hadde òg møtt opp ekstra tidleg. Saman med 58 andre skal ho på korpstur til Italia.
–Å, stakkar alle andre, då! Vi er nemleg 58 som reiser saman, så det hjelper nok på køen. Vi skal fly til Milano via København, og så vidare til Gardasjøen på korpstur.
–Kvifor var de så tidleg ute i dag?
–Vi hadde rikeleg med tid til overs. Og å vere ute i siste liten er rett og slett det verste eg veit. Men det var jo tydelegvis lurt i dag.
10 000 fleire enn vanleg
På Gardermoen forventar dei heile 10 000 fleire passasjerar enn vanleg. I Bergen seier flyplassdirektør Aslak Sverdrup ved Bergen Lufthamn Flesland at dette kan bli årets mest hektiske dag.
– For å seie det heilt enkelt: Kom i god tid! Det er siste skuledag, og mange dreg ut på familieferie. I tillegg har vi pendlarar og forretningsreisande som har sine siste turar før ferien.
Ikkje stress
Kanskje ikkje så overraskande rår flyplassdirektøren alle som skal ut på reise i dag om å passe på å ha eit par minuttar ekstra å gå på.
– Ver tidleg ute i dag, det er mitt stikkord.
–Men er det ekstra avgangar òg, eller er det berre ekstra fullt?
–Det er nok begge delar. Det er ekstra flyavgangar til visse destinasjonar i utlandet, og så er det i tillegg ekstra fulle fly.
Når toppen i ettermiddag
Det er først og fremst etter skuletid og timane fram mot kvelden som av erfaring er hektiske.
– Sånn i halv tre-tre tida begynnar det, og den heftigaste tida er mellom klokka fire og seks om kvelden. Så vil det gradvis dabba av.
Ifølgje Sverdrup er dette eit kjent mønster ved alle landets flyplassar. Lasse A. Vangstein, pressetalsmann ved Oslo Lufthamn Gardermoen, seier det same gjeld for landets største flyplass.
– Vi forventar ein topp frå klokka to og utover ettermiddagen, og så reknar vi med at det dabbar av igjen mot kvelden.
10 000 fleire enn vanleg på Gardermoen
Også på landets største flyplass forventar dei storinnrykk i dag. Det fortel pressetalsmann Lasse A. Vangstein, som seier at siste skuledag er ein stor utreisedag.
–Det er både starten på skuleferien og helg, så det blir bra med folk, ja. Familiar som dreg på ferie og pendlarar som skal heim.
I gjennomsnitt passerer omtrent 70 000 personar gjennom Gardermoen i løpet av ein dag. Det forventa talet denne fredagen, er i overkant av 80 000.
–Men det er likevel mindre enn rekorden vår, som faktisk var 2. juni i år. Då passerte totalt 91 000 menneske totalt gjennom heile dagen.
Ikkje stress og hugs passet
På spørsmål om han har nokre råd til dei reisande, kjem svaret raskt.
–Ikkje stress, nyt ferien, og kom i passe god tid. Hugs at det er 10 000 ekstra folk i omløp, så ha god tid, gyldige ID-papir og bruk informasjonsfolka våre om du lurer på noko. Dei er der for å hjelpe, avsluttar Vangstein.