Hopp til innhold

Ellevill kokkekamp i Lyon

Stor jubel då Ørjan Johannessen vart presentert i Lyon. I dag kan 27-åringen frå Austevoll verta verdsmeister.

Ørjan Johannessen i aksjon

I AKSJON: Ørjan Johannessen (27) er no i aksjon i Lyon. Austevollingane er ein av favorittane i Bocuse d'Or.

Foto: Impulsfoto / NTB scanpix

Norsk publikum i Lyon

PUBLIKUM: Norske supportarar på på i hallen i Lyon i det Johannessen presenterte fiskeretten sin.

Foto: http://www.bocusedor.com/ / Skjermdump

Fiskeretten til Ørjan Johannesen

FISKERETT: Hummar- og piggvarretten til Ørjan Johannessen vert gjort klar for dommarbordet.

Foto: http://www.bocusedor.com/ / Skjermdump
Om lag klokka 18 onsdag vert det avgjort kven som kan smykka seg med tittelen som verdsmeister i kokkekunst.

Her kan du sjå direktesendinga frå Bocus d'Or.

Ørjan Johannessen (27) frå Austevoll er det norske håpet og ein av favorittane, etter at han i fjor vart europameister i Brussel.

Like etter klokka halv elleve i føremiddag vart han presentert i arenaen i Lyon, til stor jubel.

– Eg har drøymt om dette i 15 år. Sånn er det, ein må setja seg mål, sa den ambisiøse norske gourmetkokken til NRK.no før alvoret starta i Lyon.

Klokka 14.32 presenterte Johannessen fiskeretten sin for dommarbordet. Austevollingen er startnummer ti i konkurransen. Kokkane legg fram ein og ein rett på dommarbordet.

Like etter klokka tre leverer Johannessen hovudretten sin. Indrefilet av okse. "Ørjan, Ørjan, Ørjan", kan ein høyra taktfast frå publikum.

Stor stemning i Bekkjarvik

Dette er Bocuse d'Or

Den uoffisielle verdsmeisterskapen i kokkekunst var arrangert for første gong i 1987, og ber namnet til den franske meisterkokken Paul Bocuse. 86-åringen spelar framleis ei sentral rolle i samband med konkurransen.

Les òg: Lada opp med Hellstrøm, hummar og heavy metal

Paul Bocuse, mannen bak Bocuse d'Or

GRUNNLEGGAREN: Paul Bocuse, i midten, er grunnleggjaren bak den uoffisielle verdsmeisterskapen i kokkekunst.

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

Konkurransen vert arrangert annakvart år i den franske gastronomihovudstaden Lyon.

24 kokkar frå 24 land kjempar om VM-tittelen. Kvart land har eigne konkurransar i forkant og sidan 2008 vart det og innført konkurransar i kvar verdsdel som kvalifisering til verdsmeisterskapen i Lyon.

Råvarene som skal brukast i konkurransen har kokkane visst om sidan i haust. I tillegg til indrefilet av okse er det flyndrefisken piggvar og hummar som skal serverast for juryen.

Ørjan Johannessen og dei andre kokkane skal laga mat til seksten personar.

Stolte tradisjonar

Gourmetlandet Frankrike har vunne Bocuse d'Or flest gongar. Men med full klaff kan Ørjan Johanessen gå heilt opp i ryggen på vertsnasjonen.

Etter at Lars Erik Undertun sikra den første norske medaljen, med sølv i 1991, har Noreg tatt fem gull i kokkekonkurransen.

Bent Stiansen (1993), Terje Ness (1999), Charles Tjessem (2003) og Geir Skeie (2003) har alle gått til topps i konkurransen. I tillegg har norske kokkar vunne to sølv og to bronse.

Les òg: Han er årets kokk

Verdensmestere i kokkekunst

VERDSMEISTRAR: Ørjan Johannessen saman med dei fire norske verdsmeistrane i kokkekunst. Frå venstre: Frå venstre: Geir Skeie (2009), Bent Stiansen (1993), Terje Ness (1997), Charles Tjessem (2003).

Foto: impulsfoto.no / Impuls