Hopp til innhold

Klarar ikkje å løyse knokkelmysterium

Politiet klarer ikkje å finne ut kven som vart funne død på Sandelvbreen i Lom i fjor. Den einaste konklusjonen er at knoklane stammar frå før krigen.

Det var i august i fjor at brevandrarar fann levningar etter eit menneske på Sandelvbreen i Jotunheimen. Kven det kunne vere var det ingen som hadde klare svar på. Teoriane var mange og medieinteressa stor.

Kripos vart raskt kopla inn i saka, og knoklane vart sendt vidare til ekspertar i Sarajevo i Bosnia Herzegovina. Nå har også dei gjeve opp. Ekspertane klarer rett og slett ikkje å kome nærare ei løysing på bremysteriet i Lom.

– Dei har ikkje klart å finne DNA eller noko anna vi kan jobbe vidare med, og dermed må vi nå gje opp saka. For å ta den opp att må vi få svært konkrete tips, seier lensmann i Lom, Steinar Angard.

Dameur gav håp

Saman med liket vart det også funne klesrestar, sko, vottar, ein gammal ryggsekk og eit gullfarga dameur. Særleg det spesielle armbandsuret gav håp om å finne ei løysing, og ein urmakar i Sarpsborg vart konsultert.

– Slike klokker var så gjeve at dei vart passa godt på og brukt ved spesielle høve. Det var i allefall ikkje noko ein tok med seg opp på ein isbre eller i fjellet, sa urmakar Erik Ødegaard den gongen.

Sjå TV-reportasje om likfunnet:

Video Likmysterium i Lom forblir uløst

Han trudde at det som vart funne på breen i Lom var eit selskapsur frå 1925.

Kan det vere Paula?

Ein av teoriane var at beinrestane kunne tilhøyre ei ung jente frå Vestlandet som forsvann under krigen. 17 år gamle Paula Antoine Andersen hadde vore på besøk hjå kjærasten sin på Gjengedalsstøylen i Hyen i Sogn og Fjordane da ho forsvann 20. august 1944.

Dette var eit av dei mest handfaste tipsa som politiet fekk, men mykje tydar på at det heller ikkje var Paula som vart funne på breen. Knoklane er nemleg for gamle.

– Parallelt med at knoklane har vorte undersøkt i Sarajevo, har også beinrestar vorte sendt til ekspertar i Uppsala. Dei har, etter ei såkalla C14-datering, kome fram til at det er 95 prosent sjanse for at knoklane stammar frå mellom 1680 og 1930, seier Angard.

Sjølv om det tidsperspektivet er stort, så tydar det i allefall på at levningane ikkje stammar frå krigen eller seinare.

– Fagleg interessant sak

Lensmann Steinar Angard tykkjer det er leitt at dei nå må gje opp å finne ei løysing i denne heilt spesielle saka.

– Vi har lagt ned store ressursar for å prøve å løyse dette, og det er dumt at vi ikkje klarer å finne ut av det.

Han seier at det har vore ei heilt spesiell sak å jobbe med, der interessa frå media og folk flest har vore stor.

– Dette har vore ei fagleg interessant sak for oss. Vi har fått uvurderleg hjelp frå media og publikum, og det har ført til at vi har kome så langt som vi har kome. Men dessverre klarer vi å ikkje å kome nærmare ei løysing nå.