Hopp til innhold

Nye funn kan løse likmysterium

- Truleg ei selskapsklokke frå 1925, seier urmakar frå Sarpsborg.

Video nsps_upload_2009_9_17_18_22_46_1906.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

For tre veker sidan fann to brevandrarar levningar etter eit menneske på Sandelvbreen i Jotunheimen.

Kven denne personen kunne vere har vore eit stort mysterium, men nå kan løysinga vere nær.

Saman med liket vart det nemleg funne eit gullfarga armbandsur som ein urmakar frå Sarpsborg meiner å kjenne att.

- Dette er truleg eit selskapsur frå 1925, seier urmakarmester Erik Ødegaard.

- Ikkje vanleg å ta med på bre

Han har jobba med klokker og ur i 40 år, og har vore borti hundrevis av slike ur tidlegare. Han seier at det kan vere mogleg å finne ut mykje om denne klokka.

- Eg vil sjå om vi kan finne ein inskripsjon frå nokon som har produsert

Steinar Angard

Lensmannen i Lom, Steinar Angard, studerer funna som vart gjort på Sandelvbreen i Lom.

Foto: Ole Martin Ringlund / NRK

eller reparert klokka. I tillegg kan eg finne ut om den var mykje eller lite brukt. Dermed kan vi kome med eit anslag om når den vart mista, seier Ødegaard.

Han fortel at dette var ein svært eksklusiv ting å ha i mellomkrigstida, og slett ikkje var noko ein brukte i kvardagen.

- Slike klokker var så gjeve at dei vart passa godt på og brukt ved spesielle høve. Det var i allefall ikkje noko ein tok med seg opp på ein isbre eller i fjellet, seier Erik Ødegaard.

Får klokka

Urmakaren frå Sarpsborg vart tipsa om klokkefunnet i går, og etter å ha sett på bileta tok han kontakt med lensmannen i Lom. Han vil nå få klokka tilsendt for å få undersøkt den nærmare.

- Det er vanskeleg å vite kva meir vi kan få greie på. Men i mange tilfelle kan vi finne ut ein god del i slike saker.

Dødsbre

Det var berre knoklar og beinrestar att av den døde personen som vart funne i haust, men klesrestar, skotøy, vottar og ein gammal ryggsekk har gjeve politiet hint om kven det kunne vere.

Bluse

Denne blusa vart også funne saman med knoklane på breen.

Foto: Ole Martin Ringlund / NRK

Sandelvbreen er ein brearm til Smørstabbreen, og fleire har mista livet der. I 1946 datt to brevandrarar ned i ein sprekk på breen og døde. Levningane vart funne i 1978. I ulykkespåsken 1967 døde også fire skiløparar på Sandelvbreen.

Det har vore spekulert i at knoklane og eigendelane kan stemme frå nokon av desse funna, men lite tyder nå på det.

Nå set politiet sin lit til at ein urmakarmester frå Sarpsborg kan løyse bre-mysteriet i Lom.

Sjå fleire bilete av funna på Sandelvbreen i Jotunheimen.