Hopp til innhold

- Knoklane tilhøyrer truleg ei vaksen kvinne

Anatomiprofessor har undersøkt levningane som vart funne på Sandelvbreen i Lom.

Politiet jobbar fortsatt på spreng for å løyse mysteriet med levningane som vart funne på Sandelvbreen i Lom i slutten av august.

Det var to brevandrarar som fann både knoklar, klede, pengar og ein gammal ryggsekk på brearmen. Alt dette vart vidaresendt til Kripos som har jobba med å finne ut meir om funnet.

Seinare vart det også gjort nye funn på breen i Lom.

Etter det politiet kjenner til er det ingen som er meld sakna i området, og mange teoriar har kome om kven den døde personen kan vere.

DNA-profil ikkje klar

Nå har tilsette ved institutt for anatomi ved Universitetet i Oslo undersøkt knoklane.

- Forma og storleiken på knoklane tydar på at det er ei kvinne mellom 20 og 40 år som er funne. Men det er utruleg vanskeleg å fastlå, så dette er berre eit utgangspunkt, seier professor Per Holck som har undersøkt knoklane.

Likfunn Lom

Sko, vottar og ei pilleeske var blant funna som vart gjort.

Han fortel at det er ein armknokkel som dei nå har undersøkt, og at dei på bakgrunn av denne kan seie kor lang den døde var.

- Det vi har funne nå viser at personen var litt over 1.50 høg, og det tydar i allefall på at det var ei kvinne, seier Holck.

Det var tidlegare varsla at Kripos i dag ville ha klar ein DNA-profil på den døde personen, men dette arbeidet er foreløpig ikkje ferdig.

Les: Kan det være Paula?

Lensmann i Lom, Steinar Angard, oppfordrar fortsatt folk som kan vite noko om levningane om å ta kontakt med politiet.

- Medieoppslag har gjeve oss mange gode tips, og vi håpar det held fram, seier Angard.