Hopp til innhold

- Vi får nok aldri vite

Vener og slektningar av Paula Andersen reknar no med at dei aldri får vite kva som skjedde med ho.

Paula Antoine Andersen
Foto: Statsarkivet

- Det hadde vore godt å få vite kva som skjedde, men det får vi nok aldri, seier Ester Mejllen. Barndomsveninna var blant dei siste som såg 17-år gamle Paula Andersson før 17-åringen forsvann i august 1944.

- Det var neppe Paula

Hva skjedde med Paula?

Er Paula frå Gloppen funnen?

- Eg hugsar det

Ester huskar godt redselen i bygda då Paula forsvann. dei sterke minna har trengt seg på etter at mysteriet rundt forsvinninga blei teke opp att i sommar. Levningane som vart funne på Sandelvbreen i Jotunheimen vart knytt til Paula, men no er undersøkingane ferdige, utan at mysteriet er oppklart. Det kom fram i tv-programmet Scrødingers Katt på NRK i går kveld.

- Då vart det litt ”ufjelgt”, tykte eg. Det er lenge sidan, men eg hugsar det, seier ho.

Sender funna vidare: Knokkelfunn til Sarajevo

- Viktig å vite

Vi veit kor mykje det betyr for folk å få vite. Det er det som er drivkrafta i alle identifiserings-saker. Å vise folk noko frå deira kjære og gje dei ei grav å gå til, seier Reidar Nilsen, politioverbetjent ved KRIPOS og ein av dei som sjekka dna frå beina som blei funne på Sandelvbreen.

Men framleis må det etterlatne og dei som hugsar Paula leve i uvissa om kva som hende, for levningane kan ikkje knytast til henne. Ein av dei er fetteren Sverre Kruger.

- Mysteriet større enn saknet

- Det er klart det er trist, men vi har eit nøkternt forhold til det. Det er eit mysterium, men no er kanskje mysteriet større enn saknet etter Paula. Eg har jo aldri møtt ho, men dei eldste i familien hugsar godt at Paula sprang rundt på garden, seier Kruger.


Levde livet ut med mistanken

Barndomsveninna Ester Mjellen får truleg aldri sjå Paula att og hadde håpa å få vite kva lagnad jamaldringen fekk. Aller mest tenkjer ho likevel på kjærasten til Paula som var den siste som såg henne i live, og som levde med mistanke om å ha tatt henne av dage heile livet.
- Han må ha hatt det forferdeleg. Eg trur ikkje at han tok livet av ho i alle fall. seier Mjellen.