Hopp til innhold

Monarki-krangelen til radioen

Ari Behn stiller i ettermiddag til radiodebatt med mannen han har kalla «Norges smartaste tullebukk».

Trond Nordby og Ari Behn
Foto: Scanpix / Scanpix

Ordkrigen som dei siste dagane har pågått mellom Behn og den tidlegare soussjefen ved Slottet, Carl-Erik Grimstad, held fram i Dagsnytt 18 i ettermiddag klokka 18.

Sjå debatten klokka 18: På NRK2.

- For meg er Grimstad død

Den kjente statsvitaren og republikanaren Trond Nordby har tatt parti med Grimstad og stiller til debatt mot den kongelege forfattaren.

Bakgrunnen er eit intervju med VG laurdag der Behn gjekk hardt ut mot den tidlegare soussjefen.

- Han har brukt tida til å spreie tabloid svada, sladder og unøyaktige opplysningar om monarkiet og familen min, sa Behn.

Hør: Ari Behn i Her og Nå

- Sjokkerande

Vidare hevda forfattaren at Grimstad, som hadde sin siste arbeidsdag ved Slottet i 1993, ikkje fekk fornya engasjementet som soussjef på grunn av at han blant anna var storforlangande.

- Eg står fult og heilt inne for det eg har sagt. For meg er Grimstad død, og vi er i gravferda hans, sa Behn til programleiaren i Her og Nå på P1 i dag.

Dette har fått Grimstad til å reagere:

- Eg synst det er ganske sjokkerande at kongens svigersønn slarvar med tidlegare tilsette ved Slottet. Han må ha gått frå forstanden, sa Grimstad til VG.

Han har vidare uttalt at han ikkje har kjent seg att i biletet Behn har gått ut med, og understreka laurdag at han berre fekk ein merknad i si tid som soussjef.

Behn på si side meiner Grimstad har vore djupt illojal mot sin tidligare arbeidsgjevar.

Skriv bok

Dette har fått professor Nordby til å vise sin støtte til statsvitarkollega Grimstad. Han har blant anna uttalt at Behns utspel er ”makabert” og at det til slutt vil slå tilbake på han sjølv.

Behn har på si side kalt Norby for ”Norges smartaste tullebukk” og har bede han om å bruke intelligensen sin til noko konstruktivt.

Forfattaren skriv i desse dagar ei bok der ein av karakterane er bygd på nettopp Grimstad.

Behn forsikrar i Her og Nå at han står aleine om dette.

- Prinsessa tykkjer det er slitsamt at mannen hennar deltaki denne krigen.

AKTUELT NÅ