Hopp til innhold

Sjuk fisk kostar milliardar

Norske oppdrettsselskap tapar milliardar som følgje av laksesjukdomane ILA og PD. Dei seks fyrste månadane i år har tal på tilfelle auka kraftig, utan at næringa veit kvifor.

Faksimile frå Veterinærinstituttet

Laks med store skader på leveren.

- Det er ingen tvil om at sjukdomar fører til enorme tap for næringa, seier seksjonssjef for fisketilsyn hjå Mattilsynet, Friede Andersen. Ho er uroa over alle utbrota i Noreg det siste året.

Må slakte

Mattilsynet fører kontroll over sjukdomane i Noreg. Så langt i år er det registert 16 tilfeller av ILA (infeksiøs lakseanemi), og 62 tilfelle av PD (pancreas disease). I begge tilfella er det ei dobling samanlikna med heile 2007.

- Det er omfattande utbrot i år. Så langt er det store utbrot av PD på Vestlandet, medan Troms har hatt ILA, seier ho.

Sjukdomane er registrert også ei rekkje fleire stader i Noreg. Verken ILA eller PD er farleg for menneske, men kvaliteten på fisken vert derimot langt verre. Mykje av fisken døyr når han vert smitta og må brukast som dyrefor. Oppdrettarane taper store verdiar i og med at laksen ikkje kan seljast som frisk fisk.

(Teksten held fram under bilete)

Fisk med PD

Obduksjonsbilde PD: Fisk med teikn på alvorleg sirkulasjonssvikt med ødem i symjeblæreveggen og fibrinslør over lever.

Enorme verditap

- Det er vanskeleg å seie eksakt kor stort verditap vi hadde, men det er ingen tvil om at vi merka det svært godt.

Kvalitetssjef for fisk hjå Raumagruppen, Jan Vidar Olsen er ein av mange oppdrettarar som har merka sjukdommen det siste halve året. Dei har fått PD og ILA i sine lokalitetar.Ho seier at det ikkje er berre er sjølve lakseslaktinga som kostar.

- Ein må desinfisere anlegget og gjerne brenne og kaste godt utstyr. Det er viktig å vere nøyaktig, slik at dette ikkje spreiar seg vidare.

Må skjerpe seg

I god dialog med styresmaktene har oppdrettarane sett ned fleire grupper for å sjå nærmare på utbrota langs kysten. Så langt ser det ut til at ein til tider arbeider mot straumen.

Seksjonssjef Friede Andersen seier at det er fleire som kan gjere meir.

- Nokre er flinke, medan andre er verre. Det er ingen tvil om at det er fleire i denne bransjen som kunne ha gjort meir for å hindre at slike sjukdommar spreiar seg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger