Hopp til innhold

- Meir lukkeleg utan born

Amerikanske forskarar meinar barnlause par er meir lukkeleg enn dei med born. Kva meiner du?

Bortskjemt
Foto: Martin Kierstein

- Foreldra er meir tilfreds når dei er på handling eller søv, enn når dei er saman med borna sine, seier Daniel Gilbert som er professor i psykolgi ved Harvard University i USA.

Dramatisk fall

Gilbert har i boka si "Stumbling on Happiness" sett på fleirfaldige amerikanske undersøkingar og konkluderar med at lukka i ekteskapet fell dramatisk når eit par får sitt fyrste barn, og at ho fyrst stig igjen når det siste barnet flyttar heimanifrå.

Ifølgje undersøkingane hans meiner 7 prosent av para med born at dei er mindre lukkelege enn dei barnlause.

Får hat-mailar

Den amerikanske sosiologiprofessoren Robin Simon har undersøkt forholda hjå 13.000 amerikanarar og konkluderar:

- Foreldre opplever eit lågare nivå av lukke, ei mindre grad av positive kjensler og opplever oftare negative kjensler enn barnlause par.

Etter at Simon publiserte undersøkinga si, har ho motteke fleire hat-mailar. Nokon ser på undersøkingane hennar som ei form for blasfemi.

- Det kjem ikkje som noko overrasking då det er ei almen meining at born er ei velsigning. Dei færraste foreldre vil innrømma at dei angrar på at dei fekk born, seier ho.

Manglar overskot

Ei forklaring på at folk har endra meining om det å få born, kan skuldast at det er vorte meir stressande å fostra opp borna. Generelt var det enklare å få born i 1950-åra, då kvinna var heimeverande og tok seg av alt det praktiske.

I dag, med begge foreldra på arbeidsmarknaden, er livet langt meir hektisk og foreldra manglar ofte overskot.

Det er også vorte langt dyrare å ha born i USA. Det kostar mellom 1 og 2 millionar kroner å oppfostra eit barn til det blir 17 år. Dessutan får folk born seinare og føler til dømes at dei blir hengjande etter på arbeidsmarknaden.

Den positive nyhenda for foreldre er at par med born i høgare grad føler at dei er ei meining og eit føremål med livet deira.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ