Hopp til innhold

- La homofile få adoptere

Barneombodet meiner det er til barna sitt beste at homofile kan få adoptere.

Kina strammer inn på adopsjonsreglene

Barneombodet vil at homofile skal få adoptere barn frå utlandet.

Foto: STR / AFP

Barneombod Reidar Hjermann har tidlegare vore kritisk til at homofile par skulle få adopsjonsrett for barn frå utlandet.

Dette standpunktet var basert på uro for at land ikkje ville la deira barn bli adopterte til Norge.

Homofile adoptivforeldre inga hindring

Barneombud Reidar Hjermann.

Barneombud Reidar Hjermann.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Men no har barneombodet mildna, mellom anna på grunn av ei svensk undersøkring som viser at mellom 27 land som adopterer vekk barn, er det berre éitt land som ikkje vil sende ut barn om det vert opna opp for at homofile ektepar blir vurderte som adoptivforeldre.

Les også:  Homofili-adopsjon skapar trøbbel

Hjermann meiner no det er til barnas beste at homofile kan vurderast som adoptivforeldre til norske og til utanlandske barn, ifølgje Dagsavisen.

Assistert befruktning for lesbiske

Ved midnatt gjekk høyringsfristen om ny ekteskapslov ut.

I tillegg til at homofile skal kunne bli vurdert som adoptivforeldre, skal lesbiske kunne få assistert befruktning, og medmor skal ha dei same rettane og pliktene som den biologiske mora, meiner ombodet.

Hjermann meiner også at adopsjonsretten for homofile også må inkludere at homofile får moglegheit til å adoptere utanlandsadopterte barn i Noreg som mistar sine opprinnelege adoptivforeldre.

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger