Ved 11.30-tida onsdag hadde prisen på råolje av Brent-kvalitet falle til 34,83 dollar fatet. Det er den lågaste prisen sidan 1. juli 2004.
Oljeprisen har falle frå over 115 dollar fatet i juni 2014, etter at skiferolje frå USA har blitt større på marknaden.
- Les òg:
Overproduksjon
Dei fallande prisane har ført til at enkelte produsentar har auka produksjonen for å hindre at inntektene fell for mykje.
– Oljelagera aukar, og spenninga mellom Iran og Saudi-Arabia gjer ei avtale om produksjonskutt lite sannsynleg, seier Michael Hewson, strategisjef i CMC Markets, ifølgje NTB.
Tidlegare i veka gjorde oljeprisen eit lite hopp etter at Saudi-Arabia kutta dei diplomatiske banda med Iran.
No har Saudi-Arabia kutta prisen på sin eksportolje til Europa for februar, for å kunne kjempe om ein større del av marknaden. I tillegg er iransk oljeeksport venta å auke i 2016 etter kvart som dei vestlege sanksjonane mot landet vert oppheva