Hopp til innhold

Laseroperasjonar øydelegg auge

Ei rekkje nordmenn får redusert synet etter laseroperasjonar kvart år. Dei private augeklinikkane får krass kritikk for at dei ikkje informerer om risikoen.

Laseroperasjon av auge.
Foto: Signe Dons, Aftenposten. / Scanpix

Ein av dei som har blitt alvorleg skadd på operasjonsbordet er Georg Graff Wang. No åtvarar han alle andre mot laseroperasjonar.

LES: - Eg var livredd for å miste synet

Fyrstelektor og optikar Magne Helland ved avdeling for optometri og synsvitskap ved Høgskulen i Buskerud er kritisk til marknadsføringa til klinikkane.

Aggressiv annonsering

På nettsidene og i annonsane til klinikkane finst det lite informasjon om at laseroperasjonar kan føre til skadar, meiner han.

- Dei private klinikkane annonserer aggressivt for å lokke til seg pasientane. Ofte er annonsane misvisande, og det same gjeld nettsidene til klinikkane, seier Helland til nrknyheter.no

Ifylgje den norske pasientlova har pasientane krav på å bli informerte om moglege risikoar ved kirurgiske inngrep.

- Eg håpar klinikkane gjev tilstrekkeleg informasjon når pasienten tek direkte kontakt. Dersom dei ikkje gjer det, er det alvorleg, meiner Helland.

Høgt skadetal

Statistisk sett blir 5 prosent av dei laseropererte pasientane meir eller mindre misnøgde med resultatet. I mai skreiv danske aviser at om lag 80 danskar får øydelagt synet i laseroperasjonar kvart år.

Jesper Hjortdal ved augeavdelinga ved Århus Kommunehospital er ekspert på hornhinnelidingar. Han seier til metroXpress at ein prosent av pasientane får redusert syn etter laseroperasjonar.

Dersom ein legg dette til gunn, får så mange som 150 nordmenn kvart år redusert synet etter laseroperasjonar, ettersom rundt 15.000 personar legg auga under laseren kvart år.

- Det finst ingen nøyaktig skadestatistikk for Noreg, men det er ingen grunn til å tru at situasjonen er betre her enn i Danmark, seier Helland.

Skadar er dårleg PR. Augeklinikkane lovar i staden kundane ein brillefri kvardag dersom dei legg om lag 30.000 kroner på bordet og gjennomfører ein laseroperasjon. Dette kan skape falske forventningar.

- Klinikkane skapar inntrykk av at ein slepp å bruke briller eller linser resten av livet, og det er berre tull. Når ein blir kjem opp i førtifemårsalderen får nesten alle behov for lesebriller. Det gjeld også dei som er laseropererte, seier Helland.

- Sure optikarar

Augekirurg og dagleg leiar av Trondheim Øyelegesenter, Jan Guldahl, har lang erfaring med laseroperasjonar. Han reagerer kraftig på kritikken frå Helland.

- Eg meiner vi informerar pasientane svært godt. På nettsidene våre går vi gjennom komplikasjonane på ein svært grundig måte. Pasientane som kjem til oss får eit hefte på 16 sider med informasjon, seier Guldahl.

Augekirurgen har møtt motstand frå optikarane i mange år. Han meiner optikarane ikkje tåler konkurranse.

- Optikarane er sjølvsagt sure på den konkurrerande verksemda vår, og det har dei vore sidan vi starta opp i 1990, seier Guldahl.

Må betale før operasjonen

Fystelektor Helland har i fleire år kritisert nettadressa til augeklinikken i Trondheim. Han meiner at domenet "brillefri.no" skapar falske forventningar. Guldahl meiner kritikken er urimeleg.

- Brillefri.no gjev eit svært godt bilete av situasjonen. Vi informerer særskilt om at nesten alle må ha lesebriller i førtifemårsalderen, seier han.

I informasjonsheftet til Trondheim Øyelegesenter står det at over 99 prosent av dei som blir behandla ved klinikken blir brille- eller linsefri.

Alt har likevel ikkje gått på skjener for Guldahl oppgjennom åra.

LES: Helsetilsynet kritiserer øyelege

Øyelegesenteret understrekar i informasjonsheftet at pasientane må betale før operasjonen tek til.

Tørre auge

Når ein snakkar om svekt syn, er det relevant å skilje mellom kva som kan målast objektivt, og korleis dei opererte subjektivt opplever sitt eige syn.

Fleire mindre alvorlege komplikasjonar er knytt til laseroperasjonar. Det er ikkje uvanleg at pasientane får plager som tørre auge og redusert nattesyn.

- Dei som vurderar å nytte laserkirurgi må sikre seg detaljert informasjon om kva ein oppnår ved ein operasjon, og kva problem som kan oppstå, understrekar Helland.

AKTUELT NÅ