Hopp til innhold

- Eg var livredd for å miste synet

Georg Graff-Wang åtvarar mot laseroperasjonar etter at han vart alvorleg skadd på operasjonsbordet.

Georg-Graff Wang åtvarar mot laseroperasjonar

Georg-Graff-Wang angrar bittert på laseroperasjonen han tok for tre år sidan.

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Ungdomsskulelæraren i Bærum er ein av mange nordmenn som har opplevd å få skadar på auga etter å ha teke laseroperasjon.

LES: Laseroperasjonar øydelegg synet

Graff-Wang seier til nrknyheter.no at han angrar bittert på operasjonen som vart gjennomført ved ein privat klinikk i Oslo for tre år sidan.

Bomma med kniven

- I utgangspunktet hadde eg eit syn på om lag minus seks, men som dei fleste andre med dårleg syn, drøymde eg om å sjå klart når eg vakna opp om morgonen, sukkar han.

Den fyrste operasjonen på det venstre auget gjekk tilsynelatande fint, men kirurgane bomma då dei skar i det høgre auget.

Delar av auget mitt låg att i kniven. Det var svært ubehageleg, og pulsen min steig kraftig på operasjonsbordet. Eg var livredd for at synet mitt skulle vere øydelagt for alltid.

Laseropererte Georg Graff-Wang

Operasjonen vart avbroten, og kirurgane lappa saman auget så godt dei kunne. Likevel danna det seg eit arr på hornhinna som førte til synsforstyrringar.

Etter kvart viste det seg at operasjonen på det venstre auge heller ikkje var optimal. Klinikken hadde utført inngrepet etter feil mål på hornhinna.

- Gruar meg som ein hund

For å få retta opp at skadane, har Graff-Wang gått gjennom to operasjonar hos ein spesialist ved universitetssjukehuset i Tromsø. I juni går han gjennom ein tredje og siste operasjon.

- Eg gruar meg som ein hund til kvar operasjon, men heldigvis ser ut til at synet mitt skal bli bra til slutt. No åtvarar eg alle eg kjenner mot laseroperasjonar, seier han.

Ungdomsskulelæraren smiler og er ved godt mot tre år etter operasjonen. Tida etter inngrepet vart derimot svært tung.

- Eg var veldig nedbroten og lei meg, og trudde eg hadde gjort ei kjempetabbe som eg kom til å angre på resten av livet, seier han.

Skummar fløyten

Dei private klinikkane gjer gode pengar på laseroperasjonar, men dei tek lite ansvar når uhellet er ute. Graff-Wang synes det er ille at det offentlege må ta rekninga for grove feil som er skjedd ved private klinikkar.

- Augeklinikkane skummar fløyten i den private marknaden, men når operasjonane går gale, blir pasientane overført til det offentlege helsevesenet. Det er alvorleg, meiner han.

Enkelte augeklinikkar krev betaling før laseroperasjonane blir utførd. Det gjeld ikkje klinikken som Graff-Wang nytta. Sidan operasjonen var totalt mislykka, har han ikkje betalt for inngrepet.

- Bruk linser!

Metodane for laserkirurgi er i utvikling. Enkelte norske klinikkar har innført såkalla IntraLasik, der heile inngrepet blir utført med laser, også snittet i hornhinna. Operasjonsmetoden er dyrare enn andre former for inngrep, men blir hevda å vere meir skånsam.

Graff-Wang har teke skrekken, og oppmodar uansett alle til å halde seg langt unna laserklinikkar.

- Det er null problem å bruke kontaktlinser samanlikna med det marerittet eg har vore gjennom, understrekar han.

Delta i debatten om laserkirurgi

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger