Hopp til innhold

Krevjande i store deler av landet

Aukande temperaturar, ekstra vind og mykje nedbør fører til svært krevjande forhold i store deler av Noreg no. – Folk bør vere varsame, seier NVE.

Snøskred i Myrkdalen

GJEKK BRA: Eit snøskred i Myrkdalen laurdag ettermiddag førte til leiteakjon. Men ingen vart tekne av snømassane i området. NVE åtvarer folk mot å leggje ut på tur i farlege område.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Folk må følgje med på nettsida Varsom.no, og følgje med. For det er krevjande forhold i store deler av landet, seier vaktleiar hos NVE si skredvarsling, Emma Barfod.

Mykje vêr i vente

– Er denne typen vêr ekstra krevjande?

– Det er mykje nedbør og vind som kjem, og vi kan berre melde for to dagar fram i tid, søndag og måndag. For vêrtypen endrar seg fort.

Laurdag ettermiddag gjekk alarmen i Myrkdalen ved Storebotn i Voss. Litt over tre gjekk det eit snøskred der, og ein frykta ei stund at fire personar var tekne av snømassane. Til alt hell hadde redningsmannskap øving i området der skredet gjekk, og fekk varsla politiet.

Men etter søk, avblåste politiet i Hordaland leiteaksjonen og konkluderte med at ingen var tekne.

Også i Troms har det vore fleire snøskred laurdag. Og den kraftige vinden frå sør held fram, og gjev fare for fleire skred utover helga.

Utfordrande i store deler av landet

– Der er det mykje tørr laussnø som har lege heile veka i terrenget, og i dag

Snøskred på E39 i Romarheimsdalen

SKJER FORT: Det er mykje kraft i snø i fart, og NVE ber folk oppdatere seg på nettsida varsom.no for kvar det er farleg å ferdast.

Foto: Marie Furhovden / NRK

byrja det å blåse kraftig der. Det fleire naturlege flakskred som kan gå, seier Barfod.

Også Vestlandet og store deler av Sør- Noreg vil få oppleve auka skredfare dei komande dagane.

– Det er mykje vind og nedbør. Og temperaturen vil stige til plussgrader fleire stader, og dei vil kome opp til 1000 meter over havet.

NVE har beredskap og varsom.no vert oppdatert om nye fareområde.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger