Hunden Max (6 mnd) leitar fram folk som er nedgravd i snø.

FULLT FOKUS: Seks månader gamle Max er allereie i god gang med å trene seg opp til å bli lavinehund. Eigar Tomas Gjerde seier vegen fram til det er lang, men han håpar å ein gong kunne få redde liv.

Lever for å berge liv

Om du ein gong skulle bli gravlagt under snøen, er det ein sjanse for at redninga blir nettopp ein lavinehund. Men sjansane kunne vore langt større enn dei faktisk er.

I 30 minusgrader var 25 tobeinte og 24 firbeinte i helga samla ved Norsk Folkehjelp si hytte på Tyin. Målet var å lære både menneska og hundane korleis dei kan redde liv.

Det er i dag 100 lavinehundar og 230 ettersøkshundar i Norge. Det høyrest kanskje mykje ut, men ifølgje Norske Redningshunder er det altfor lite. Og fleire hundar kan bety at fleire liv blir redda.

lavinehund Tyin

FUNN: Her har Helene Sæterdal og ein av hundane på samlinga gjort funn.

Foto: Aud Flemsæter

– Får vi fleire hundar som er spreidd rundt omkring i dei ulike kommunane blir det kortare avstand til ulukka, seier styreleiar i Norske Redningshunder, Knut Skår.

Max vil bli lavinehund

I 30 år har hundeførarar og hundar samla seg på Tyin i starten av januar for å kickstarte sesongen. Men trass i eit stort behov og ei skeiv fordeling av lavinehundar, har dei aldri før vore så mange som dei er i år. Ein av nykommarane for den faste samlinga er Tomas Gjerde frå Sogndal, og labradoren Max på seks månader.

– Vi starta treninga allereie då Max var to månader. Det er viktig å begynne tidleg med miljøtrening og sosialisering, seier Gjerde.

Og det er ikkje vanskeleg for eigaren å sjå at Max elskar å finne folk under snøen. Heller ikkje for deg som ser videoen av unghunden.

Knut Skår, hundeførar i Norske Redningshunder

VIL HA FLEIRE HUNDAR: Behovet for redningshundar er stort, seier styreleiar i Norske Redningshunder, Knut Skår.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det ser du på heile kroppen hans. Det er moro å drive med dette, men det er ein lang veg fram og mange godkjenningar å få. Men vi er innstilt på å prøve. Det er krevjande, men det står nok ikkje på hunden, seier den ferske hundeføraren, som håpar at han saman med Max ein gong kan redde liv.

Lagar reine julekvelden for hundane

Under treninga på Tyin delar dei opp i lag med kvar sin instruktør. Ulike oppgåver blir fordelt, alt etter kor erfarne hundane er. Holer blir gravne, folk blir putta i dei, og så blir holet dekka til. Så gjeld det å få hunden til å fange opp lukta og deretter grave.

– Når han kjem inn blir det full leik. Og då finn vi ut kva det beste den hunden veit er, om det er pølse, tennisball, filler, leik eller kos. Det skal vere reine julekvelden for hunden for då får den ei god oppleving, fortel Knut Skår.

Og så startar dei på nytt med meir snø over hola, og så igjen med endå litt meir snø. Men aldri for mykje, for hunden må sitje med ei kjensle av å alltid kunne klare å grave seg ned, slik at den blir ståande der lukta er sterkast.

lavinehund trening Tyin

KREVJANDE: Det er nesten meir krevjande for menneska enn for hundane å trene på å berge folk i snøskred, vedgår leiaren i Norske Redningshunder. Frå venstre: Aud Flemsæter, Per Gunnar Engetrøen, Jeanette Kvamme og Elin Petterson.

Foto: Knut Skår

Å berge eit liv

For ein gong kan det vere alvor. Dessverre er ikkje statistikken for redningshundane så lys som ein kunne ønskje. Frå eit skred er gått til hundane er på plass går det i snitt 30–40 minutt. Då er det liten sjanse for at dei som er tekne av skredet framleis er i live, men det kan skje, og det har skjedd.

– Vi hadde ein episode i Aurland for fem år sidan. Ein person hadde lege i tre timar under snøen, men kom frå det i live og lever framleis i beste velgåande, fortel Skår.

Han var sjølv med på å berge personen som låg nedgraven. Ei slik oppleving gløymer han aldri.

– Det er jo det vi jobbar for heile tida, å ein gong kunne vere den som kan berge eit liv. Anten det no er på ettersøk om sommaren eller i lavine på vinteren, så er det ei sterk oppleving som knapt nok kan skildrast. Då gløymer du alle dei åra du har stått og spadd snø og trent lavinehund, når du faktisk ser at det fungerer og at det kan vere liv eller død for personar som treng oss.

Mindre og mindre overlevingssjanse

Dette viser at det er unntak frå statistikken som seier at det etter 40 minutt under snøen berre er 10 prosent sjanse for å overleve.

– Men det er dei 10 prosentane då. Om vi ikkje er der så vil heller ikkje dei overleve, seier Skår.

Og sjølv om ein helst vil finne att folk i live, er det ikkje berre slike funn som er av verdi.

– Om det ikkje er så mange så er det i alle fall nokre som blir berga, og så finn vi folk uansett om dei ikkje alltid kan bergast. Det er jo viktig det også.

Talet på folk som døyr i snøskred varierer sterkt frå år til år. Denne vinteren har så langt to personar omkome, begge på Longyearbyen på Svalbard. Førre vinter omkom totalt seks personar. Vinteren 2011/2012 var talet så høgt som 13, viser tal frå NGI.

Sukkertoppen

DRAMATISK: To personar mista livet i snøskredet i Longyearbyen på Svalbard. Fleire vart gravlagde under snømassane.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Eit skrikande behov for fleire

Sjansane for at hundeførarane og hundane skal kome fram tidlegare og finne folk i live i snøskred kunne vore større. Men då trengst det ein mykje større innsats.

norske redningshunder samling tyin

MYKJE GRAVING: Dagleg leiar i Norske Redningshunder, Jim Olav Hansen og hundeførar Torild Ulvesæter i ei snøhole.

Foto: Knut Skår

– Vi har for lite hundar i enkelte distrikt. På lavine er problemet er at det er ganske høg konsentrasjon enkelte stader. Sogn og Fjordane kunne godt hatt fleire. Vi saknar blant anna Nordfjord. Nord-Norge slit med altfor få, der det går mange skred og er lange avstandar.

For matematikken burde vere grei. Fleire hundar fordelt på eit større område vil korte ned avstandane til eit skred, til ein gravlagd person som treng hjelp. Ved lange avstandar er helikopter til god hjelp, men også dei er spreidde, seier Skår.

– Det er ikkje alltid det passar slik at eit skred har gått så nær at eit helikopter kan fly. Og så er vi frivillige. Vi sit ikkje på vakt og ventar. Vi skundar oss så fort vi kan når det skjer ei ulukke og går frå jobb og alt som er, men vi har ikkje noko direkte vaktordning.

Og han ser berre for seg ei løysing som kan føre til at redningshundane kan berge fleire liv:

– Eg trur ikkje det er så mykje å gjere anna enn å få fleire hundar som er spreidde rundt omkring i dei ulike kommunane for å korte ned avstanden.