Hopp til innhold

– Det var ein flott tur opp

På andre forsøk klarte Erna Solberg å erobre Galdhøpiggen. Turarrangementet Til Topps samla 77 nasjonalitetar på «Noregs tak» i dag.

Erna Solberg Galdhøpiggen

Erna Solberg og mannen Sindre Finnes på veg til toppen av Galdhøpiggen.

Foto: Thomas André Syvertsen/ Røde Kors / NTB scanpix

Til Topps er eit integreringsarrangemet der «det frivillige og fleirkulturelle Noreg går saman».

Det er femte gong arrangementet blir gjennomført, og representantar frå 77 land gjekk til topps på Galdhøpiggen i dag.

Formålet er å bygge nettverk og venskap, og skape positiv merksemd kring integreringsarbeid.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Raude Krossen, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) og Den norske Turistforeininga (DNT).

Tåke og skyer

– Det var ein flott tur opp, berre synd at tåke og skyer avgrensa utsikta. Det viktigaste var uansett at menneske frå heile verda kom seg opp på Noregs høgaste fjell i fellesskap, seier Solberg til NTB.

På ein familietur for to år sidan måtte ho avbryte turen til toppen grunna eit dårleg kne. Denne gongen gjekk det derimot vegen.

Med på turen var også kulturminister Anikken Huitfeldt og statssekretær Ahmad Ghanizadhe i Barne- og likestillingsdepartementet.

– Dette er eit arrangement som ikkje hadde vore mogeleg utan dei frivillige. Det er imponerande å sjå alle som var i sving under turen. I tillegg er eg blitt kjent med folk frå heile verda, seier Huitfeldt.

Over 4000 menneske frå mange ulike nasjonar har tidlegare vore med på arrangementet.

Anniken Huitfelt Galdhøpiggen

Anikken Huitfeldt, (nr. 2 f.h.) i følgjet på veg opp til Galdhøpiggen.

Foto: Thomas André Syvertsen/ Røde Kors / NTB scanpix

Møtte asylsøkjarar

På turen hadde Solberg og Huitfeldt med seg fleire som i dag bor på asylmottak.

Blant dei mange deltakarane var to gutar frå Syria som kom til Noreg for berre 14 dagar sidan.

– Situasjonen i Syria er forferdeleg nett no. Familien min er i tryggleik i Libanon, men eg kom til Noreg fordi eg er i vanskar på grunn av min politiske ståstad, seier Mike Alsyed (30) på tiltopps.no.

Høgre-leiaren er glad for at gutane får vere med på eit arrangement som dette.

– Dei lever kanskje ganske begivenheitslause dagar. Då er det bra å ha nokre mål å gå etter og opplevingar som dette. Og i dag har dei gjort noko ikkje mange nordmenn har gjort, dei har gått til topps på Galdhøpiggen, seier Solberg.

Erna Solberg gjekk ikkje til topps i stortingsvalet i 2009.

No står det att å sjå om ho klarar å bli statsminister i Noreg på andre forsøk også.

AKTUELT NÅ