Hopp til innhold

– Skuffa over byggebransjen

Miljørørsla og grøne politikarar er skuffa over at byggebransjen går så sterkt ut mot forslaget til strengare energikrav på nye bustader.

Rasmus Hansson

SPARER: – Dersom moderne miljøkrav gjer ein bolig 100.000 kroner dyrare, så sparer ein pengane raskt inn på reduserte energiutgifter, seier leder Rasmuss Hansson i MDG.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Per Jæger i Boligprodusentenes Forening sa til NRK i dag at kostnaden ved nye energikrav til bustadhus er høg og at klimaeffekten er liten .

Sparer dette inn igjen

– Dersom moderne miljøkrav gjer ein bolig 100 000 kroner dyrare, så sparer ein pengane raskt inn på reduserte energiutgifter. For det andre vil energieffektive og miljøvenlege bustader også få høgeae salsverdi enn dei med lav miljøstandard, seier Rasmus Hansson i Miljøpartiet De Grønne til NRK.

Han meiner det blir lønsamt å byggje miljøvenleg for framtida, og det bør bustadbyggjarane vera dei første til å innsjå.

– Meirkostnaden vil avta raskt når byggebransjen får erfaring og effektivitet i levering på nye tekniske krav. Det er ingen grunn til å gi etter for ein bransje som mislikar at verda går framover.

Ikkje tjukkare veggar

Kommunikasjonsrådgiver Solveig M. Irgens i Lavenergiprogrammet reagerer også sterkt på påstanden om at klimavinsten er liten av å byggje endå tjukkare veggar.

- Kanskje Per Jæger brukar dette utsagnet til å sei at han ikkje trur strengare krav til energieffektivitet vil ha så stor vinst, og då er det enkelt å ty til biletet av eit hus med tjukke veggar, seier ho.

Også Bellona reagerer sterkt på Per Jæger sine påstander om at klimavinsten er liten av å byggje endå tjukkare veggar.

– Dei nye energikrava betyr betre vindauge og betre isolerte golv, tiltak som ikkje stel kvadratmeter, dersom det er det han er så redd for, seier Lene Elizabeth Hodge, rådgivar for energieffektivisering i Bellona.

Billegare etter kvart

Fagansvarleg for bygg i miljøstiftinga Zero, Guro Nereng, seier meirkostnadane ved strengare krav i nybygg vil falle etter kvart.

– Og her kan byggebransjen sjølv effektivisera ved kutt i planleggings- og produksjonskjeda, meiner ho.

Ho avviser også at eldre bustader må isolerast først.

– Det er støtteordningar for dette frå Enova, men strengare forskrifter vil alltid treffe nybygg.

Zero mener det er ein stor klimavinst i at norske bustader brukar mindre energi frå vasskraft.

– Då kan rein energi heller brukast på transport; el-bilar og el-busser, sier ho.

AKTUELT NÅ