– Eg har jo vore ute ein vinterdag før, seier Runar Brenne og ler på telefonen frå den daglege postrunden sin.
Landpostbudet var ute på runden sin og leverte post i går da stormen i Sør-Troms rasa som verst. I går trefte NRK sin reporter Brenne på Planterhaug i Skånland, der vinden herja så kraftig at den raserte to fjøs.
Også poststativ føyk avgårde i stormen, men likevel: Posten skal fram.
– Det var eitt stativ eg ikkje fann igjen, og eit anna hadde rast saman. Men eg tenkte at eg fekk no prøve å levere posten likevel, fortel Brenne, som legg til at han sikra seg godt om at posten ikkje ville fyke avgårde.
- LES OGSÅ:
Fleire måtte avbryte runden sin
Sjølv om vinden var svært sterk på runden i markebygdene i Skånland og Evenes, var det ikkje berre på Planterhaug at uvêret herja.
– Det var jo enkelte av mine kollegaer som måtte avbryte rundene sine, fordi det rett og slett ikkje var forsvarleg. Han som skulle køyre ut post i Trøssemark og i Erikjord måtte avbryte av omsyn til tryggleiken, seier Brenne.
– Men korleis er det å jobbe ute i slikt vêr?
– Ein må jo berre halde seg roleg og halde godt på posten. Vi i Posten har sikra oss godt med piggsko og varme klede, og det er viktig når ein skal vere ute, meiner han.
– Ikkje noko problem!
For ein som har vore ute ein vinterdag før, er det altså ingen sak å jobbe, sjølv når vinden tar litt hardt i.
– Eg liker vinteren, og eg liker Nord-Norge, så eg har ingen problem med å jobbe i slikt vêr, seier han blidt og legg til:
– Og så får ein jo frisk luft!
- LES OGSÅ: