Hopp til innhold

Vil filme undervising på ny superskule

Nye Amalie Skram skole i Bergen vil filme deler av undervisinga med fastmonterte kamera.

Amalie Skram videregående skole

VIL FILME DELER AV UNDERVISINGA: Nye Amalie Skram videregående skole i Bergen ønskjer å filme deler av undervisinga og gjere den tilgjengeleg for elevar. – Ein kan ikkje ha fastmonterte kamera i eit klasserom, seier juridisk rådgjevar i Datatilsynet Marte Skaslien.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Den nye, store vidaregåande skulen i Bergen, Amalie Skram vidaregåande skole, er ein av Noregs mest velutstyrte skular. Eit nytt og moderne skulebygg med nettbrett, store whiteboards og TV-apparat ventar dei 1040 elevane og over 130 tilsette når skulen opnar den 18. august i år.

Bjørn Lyngedal

VIL FILME DELER AV UNDERVISINGA: – Dette er ein del av ei trend. Ser ein på høgskular og universitet så gjer dei alt dette. Me ønsker også å utforske det, seier Rektor ved Amalie Skram vidaregåande skole Bjørn Lyngedal

Foto: Petter Solheim

Ti av klasseromma kjem også til å ha fastmonterte kamera på veggen for å filme deler av undervisinga.

– Me ønskjer å filme undervisinga medan elevane er i klasserommet. Så vil me etter kvart bygge opp eit temabibliotek av filma undervisning, seier rektor på Amalie Skrams vidaregåande skule Bjørn Lyngdal.

Vil ikkje tvinge nokon til å delta

Eg ville vore ganske skeptisk som lærar dersom eg skulle gjere noko slikt.

Kari Bjørnsvik, Utdanningsforbundet i Hordaland

Lyngdal understrekar at dei ikkje kjem til å filme all undervisinga. Kameraa har passord slik at berre læraren kan skru dei på.

– Ikkje alle lærarar er komfortable med tanken på å bli filma. Men det løyser me ved at dei ulike faggruppene får i oppgåve å finne ut kven av lærarane som ønskjer å vere med, og kven som skal gjere det. Me ønsker ikkje å tvinge nokon.

Det er ikkje avgjort om elevar og lærarar kan reservere seg frå å vere i rommet under filminga.

– Det må me ta opp. Eg trur ikkje det blir eit problem. Me må ha godkjenning frå klassen, og for dei under 18 år må me truleg hente inn godkjenning frå foreldra.

– Det skjer mykje i eit klasserom. Er det fare for at informasjon om lærar/elevar kan komme på avvege?

– Nei, det trur eg ikkje. Opprop og andre slike ting vil ein ikkje sjå på opptaka. Når me filmar fagpersonar så er det planlagt kva ein skal gjere. Me skal ikkje filme ting som ikkje har med den direkte undervisninga å gjere, og det som er overflødig vel me vekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Amalie Skram vgs

OPNAR 18. AUGUST: Nye Amalie Skram videregåande skole er ein av Noregs mest velutstyrte skular.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Datatilsynet: Dette er ikkje lov

Ein kan ikkje ha fastmonterte kamera i eit klasserom, seier juridisk rådgjevar i Datatilsynet Marte Skaslien.

– Det har ein berre anledning til dersom ein kan vise til særskilde behov, for eksempel omsynet til liv og helse, eller for å førebyggje og oppklare straffbare handlingar.

Skaslien seier ein kanskje kan bruke handhalde kamera, men då må det gjelde eit sakleg formål som kan overstige den enkelte sitt krav om personvern. Ein må også hente inn samtykke frå elevane.

– Så må ein jo spørje seg: Er dette samtykke eit reelt samtykke? Elevar kan føle seg pressa til å gje samtykke dersom alle andre gjer det.

– På ein skule er ein inne på arbeidsplassen til elevane, difor er det normalt sett greitt å filme forelesingar på eit universitet, men ikkje i klasserom. På ein vanleg skule er det lettare for elevar å bli fanga opp og høyrt, mot i ein forelesingssal med 100 studentar, seier Skaslien.

Skular som ønskjer å filme undervisinga må sjølve vurdere om dei har eit godt nok formål til å montere kamera i klasserommet.

– Det er mykje å ta omsyn til her. Ein har ikkje konsesjonsplikt til datatilsynet, men ein har derimot ei meldeplikt dersom ein har tenkt å bruke kameraet i undervisinga, seier Skaslien.

– Eg ville vore ganske skeptisk som lærar

Kari Bjørnsvik

FILMING ENDRAR UNDERVISINGA: – Skal ein filme det som skjer i eit klasserom må ein spørje seg kva det gjer med undervisninga? Kan dette endre det som går føre seg der?, seier Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Hordaland Kari Bjørnsvik.

Foto: Privat

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Hordaland Kari Bjørnsvik, seier det er mykje som må drøftast før ein kan gå i gang med å filme deler av undervisinga.

– Eg ville vore ganske skeptisk som lærar dersom eg skulle gjere noko slikt. Eg ville i alle fall ha kjent gruppa mi godt, og visste at læringsmiljøet i klassen toler det.

– Dette vil endre undervisingssituasjonen radikalt. Når det gjeld det pedagogiske, så finst det nesten ikkje klassisk forelesing i skulen lenger. Undervisinga er basert på samtale mellom elev og lærarar.

– Skal ein filme det som skjer i eit klasserom må ein difor spørje seg kva det gjer med undervisninga? Kan dette endre det som går føre seg der? Kva skjer med dei forsiktige og beskjedne elevane? Kva skjer med dei svært utovervende?

Utdanningsforbundet i Hordaland har ikkje motteke reaksjonar på den planlagde filminga frå medlemmane.

– Dette er truleg fordi det er presisert å vere frivillig, og dei prinsipielle diskusjonane ikkje har kome i gang sidan skulen ikkje er i gang, seier Bjørnsvik.

Elevorganisasjonen er positive

Henrik Geitrheim

POSITIVE: – Så lenge det blir brukt på rett måte, og ein har samtykke frå alle elevane som blir filma, meiner me det kan vere ein god ressurs for mange, seier leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland Henrik Geitrheim.

Foto: Elevorganisasjonen i Hordaland

Elevorganisasjonen i Hordaland er positive til å bruke kamera for å filme deler av undervisinga.

– Me tykkjer det er eit godt tiltak. Så lenge det blir brukt på rett måte, og ein har samtykke frå alle elevane som blir filma, meiner me det kan vere ein god ressurs for mange, seier leiar Henrik Geitrheim

Geitrheim seier det er sørgeleg viss elevar skal kjenne seg pressa til å seie ja til noko dei kanskje ikkje vil seie ja til.

– Men slik er det. Viss dei ikkje vil bli filma er dei nøydd til å seie nei.

– Har de forståing for at det kan vere vanskeleg for elevar å seie nei til noko slikt?

– Ja, det er fullt forståeleg. Seier alle vennene ja, og du nei, er det vanskeleg. Men me håpar dette skal bli eit anonymt samtykke.

– Utdanningsforbundet i Hordaland meiner dette kan påverke undervisinga. Er dette eit problem?

– Det kan bli eit problem sidan sjenerte elevar ikkje likar å bli filma. Eg ser at det kan bli negativt. Men me går ut frå at elevane det gjelder seier nei til å delta, seier Geitrheim.

– Dette blir ein fordel for elevane

Me skal ikkje filme ting som ikkje har med den direkte undervisninga å gjere, og det som er overflødig vel me vekk.

Bjørn Lyngedal, rektor Amalie Skram vgs

Amalie Skram vidaregåande skole er ein av dei fyrste skulane i landet til å filme undervising på ein strukturert måte.

Skulen vil gjere opptaka tilgjengelege for elevar på vidaregåande skular i Hordaland. Etter kvart kan det bli aktuelt å gjere dette tilgjengeleg for elevar i heile landet, seier rektor på skulen Bjørn Lyngdal.

– Det er berre dei tilsette som kjem til å bli filma. Det er klart ein kan høyre stemmer og liknande, men elevar skal ikkje bli synlege på noko måte.

Lyngdal seier dei ikkje har vore kjende med at det er knyta problem til å filme deler av undervisinga på skular.

– Viss Datatilsynet meiner dette er problematisk så får me ha undervisinga me filmar utan elevar til stades, seier Lyngdal.

Opplæringsdirektøren i Hordaland fylkeskommune ønskjer ikkje å kommentere saka til NRK, og viser vidare til Eigedomsavdelinga.