Hopp til innhold

Bergen kan stenge for fleire cruiseturistar

Bergen vil vurdere å avgrense talet på cruiseturistar i sommarsesongen. I år kjem ein halv million til byen. – Det spørst om dei som besøkjer Bergen får den opplevinga dei burde fått, seier byrådsleiaren.

Cruiseskip i Bergen

VIL DISKUTERE TAK: Cruisetrafikken til Norge har eksplodert dei siste fire åra, slik at no kjem det om lag tre millionar cruiseturistar i året. No skal ei arbeidsgruppe finne ut om nok er nok i Bergen.

Foto: Arne Daniel S. Haldorsen

– Me har eit fantastisk volum per i dag, og sånn sett kan me òg seie at det held no på sommarstid. Det er der me òg har eventuelle utfordringar som me er nøydd til å jobbe med, seier reiselivsdirektør Ole Warberg i Bergen Reiselivslag.

Sjølv om reiselivsdirektøren i Bergen ikkje har fått direkte klager frå turistar om at dei må gå i kø, så trur han det er lurt å prøva å spreie cruiseanløpa utover resten av året.

– Talet på cruiseskip som kjem til Bergen om sommaren bør kanskje ikkje auka meir, seier Warberg.

– Forrykande vekst

Ole Warberg

VIL DISKUTERE EIT TAK: Ole Warberg seier det har vore ein forrykande vekst av cruiseanløp i Bergen, og at eit tak på anløp skal bli diskutert.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Cruisetrafikken til Norge har eksplodert dei siste fire åra, slik at no kjem det om lag tre millionar cruiseturistar i året. Det er ti gonger fleire enn for berre ti år sidan.

– Det har vore ein forrykande vekst, og for nokre har kanskje denne veksten komme litt for raskt på, slik at ein ikkje har fått vurdert konsekvensane og utfordringane, og heller ikkje mogelegheitene på ein god nok måte, seier Warberg.

– Kva er det cruiseturistane vil ha? Vil dei ha litt slik autentisk einsemd?

– Det er ikkje noko spesiell forskjell på ein cruiseturist og ein annan turist som kjem frå den store verda. Den norske naturen kombinert med ei urban byoppleving som Bergen kan gi, det er ein god match, seier Warberg.

– Dette må bevarast på ein god måte, slik at me kan ha ein fantastisk natur, og også kunne selje den naturen, enten ein kjem med cruiseskip eller med fly, legg han til.

– Me har veldig mange anløp

Ragnhild Stolt-Nielsen

SKJØNAR AUKEN: Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen seier ho skjønar mange turistar kjem til Bergen, og meiner ein må vurdere nøye om ein skal setje eit tak på talet på anløp til byen.

Foto: Ragnhild Stolt-Nielsen / NRK

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen seier ho ynskjer alle velkomen til Bergen, og at ho har full forståing for at mange har lyst å besøkje byen.

– Men det er mogeleg at me kjem til ei grense kvar me har veldig mange anløp i løpet av ein veldig kort sesong, seier Stolt-Nielsen.

Ho skjønar det kan by på problem.

– Då spørst det om dei som besøkjer Bergen får den opplevinga dei burde fått, viss det er slik at turistane sjølv og dei som driv næring i sentrum meiner at det er for mange turistar i byen, seier ho.

Vil unngå konflikt

I Flåm aukar den lokale motstanden mot hordane av gjester som invaderer det vesle bygdesamfunnet.

Ole Warberg vil unngå tilsvarande konfliktar i Bergen, og seier han trur det hadde vore lurt å spreie cruisetrafikken ut over resten av året.

– Det skal vere levedyktig og berekraftig i forhold til reiselivet si utvikling totalt sett. Det er godt mogeleg at trafikken kanskje kan utvikle seg i vinterhalvåret, slik som ein òg har sett i ein del andre land, seier han.

Kan det bli behov for å regulere kvar taket skal vere i forhold til kor mange anløp ein skal ha?

Det har blitt gjort både i Hardanger, Geiranger, og i Flåm. For Bergen sin del, så er det ein del av ein prosess me skal diskutere i august, om kva som er nok i dei ulike samanhengane.

Og Warberg får motsvar frå byrådsleiaren.

– Men så skal me hugse på at sjølv om ein skulle komme til ein konklusjon kvar ein sette grenser på talet på cruiseanløp ved Bergens hamn, så betyr ikkje det nødvendigvis at det då kjem andre turistar i staden for cruiseturistane, seier Ragnhild Stolt-Nielsen.

– Så ein skal tenkje seg nøye om før ein går inn i denne problemstillinga, seier ho.