Hopp til innhold

Kvinne (30) døydde i kraftig husbrann

Kvinne funnen død på loftet etter brann i eit trehus i Salhusvegen måndag. – Vi fann ho i eiga leilegheit, seier politiet.

Bustadbrann i Salhusvegen

KRAFTIG: Kvinna budde i ei leilegheit øvst i huset. Det er også berre her har det vore brann, får NRK opplyst.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Den omkomne blei erklært død på staden av helsepersonell, skriv politiet i ei pressemelding. Personen er tatt ut av huset.

I 11-tida måndag opplyser politiet at det var ei 30 år gamal kvinne som døydde i brannen i Salhusvegen i Bergen i natt. Kvinna er norsk.

– Det var sju personar i huset då brannen oppstod. Alle dei andre vart evakuerte og uskadde, seier Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Funnen død i bustaden

Politiet fekk melding om brannen i Åsane klokka 4.15 natt til måndag. Like etter klokka 05.00 hadde brannvesenet sløkt brannen.

Det var registrert ni personar på adressa, men berre sju av dei skal ha vore i huset måndag morgon. Seks av dei berga seg ut på eiga hand.

BRann i Salhusvegen 07.03.16

BRANN I TOPPEN: Brannen skal etter det NRK får opplyst ha blitt sløkt før den spreidde seg nedover i huset.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Me har hatt røykdykkarar inne for å vera sikre på at det ikkje er fleire inne i bygningen, seier Magnussen.

Den 30 år gamle kvinna budde i loftet i det tre etasjar høge huset.

– Vi fant kvinna død i leilegheita i loftet der ho budde. Vi har enno ikkje undersøkt staden, men får opplyst frå brannvesenet at brannen var konsentrert og kraftigast på loftet, seier Geir Kristiansen, politiførstebetjent på Bergen nord politistasjon.

Dei pårørande er no varsla om dødsfallet.

brann salhusvegen

PÅ LOFTET: Seks andre personar i resten av huset kom seg ut frå brannen.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Naboar melde ifrå

Trehuset er delt inn i fleire leilegheiter over dei tre etasjane. Det var naboar som melde frå om brannen.

– Dei skal ha sett flammar, og at det brann godt i øvre del av huset, seier Magnussen.

Salhusvegen forbi staden var stengt, men er blei opna i sjutida.

Årsaka til brannen er ukjend.

– Vi etterforskar brannen og vil i løpet av dagen få åstadsgranskarar på plass, seier Kristiansen.

Laster Twitter-innhold
Salhusvegen