Hopp til innhold

– Ei tankelaus handling eg angrar veldig sterkt på

Den narkotikasikta stortingsrepresentanten Erik Skutle gav sitt fyrste intervju etter at han for ei veke sidan vart sikta for narkotikabruk.

- Pinlig og kjedelig

FYRSTE INTERVJU: Stortingsrepresentant Erik Skutle fortalde i Dagsrevyen at han synest det er ei kjedeleg og pinleg sak.

– Det har vore ei tøff veka. Det er ei pinleg sak, den er kjedeleg og ein eg skulle ha vore forutan, seier Erik Skutle til Dagsrevyen i kveld.

Torsdag førre veka vart til Erna Solbergs vararepresentant på Stortinget, Erik Skutle (24), sikta for erverv, bruk og besittelse av narkotika.

– Er det eit utbrett narkotikamisbruk i Unge Høgre i Bergen?

– Eg har vore aktiv i Unge Høgre i Bergen i nesten ti år og vore på hundrevis av arrangement. Eg har aldri sett eller høyrt at det har blitt brukt narkotika i knytt til partiet, svarer Skutle.

– Men korleis forklarer du då at seks personar i Unge Høgre i Bergen no er sikta?

– Unge Høgre har nesten 1000 betalande medlemmer og når politiet no har avdekka at det diverre er så vanleg som det er i ungdomsmiljøet i Bergen, så er det kanskje ikkje så overraskande at nokre av dei som er arrestert har tilknyting til Unge Høgre, seier stortingsrepresentanten.

–Tankelaus handling

– Tenkte du at det var gale?

– Eg tenkte vel ikkje i det heile tatt. Hadde eg tenkt så hadde eg vel gått derfrå og neppe stått her i dag. Det har vore ei tankelaus handling som eg angrar veldig sterkt på, svarer Skutle.

– Er det sånn at i enkelte miljø er det like vanleg å røyka hasj og blir sett på som like ufarleg som å ta ein øl?

– Det har ikkje eg nokon føresetnader for å svara på, men det er klart at spørjeundersøkinga som har vore i forbindelse med politisaka i Bergen, viser at det heilt klart er mykje meir vanleg enn det ein skulle ønska og det ein kanskje har trudd tidlegare, svarer Skutle.

Får konsekvensar

Unge Høgre har gått inn for legalisering av Cannabis, men Skutle gjev ingen konkrete svar på kva han meiner om dette.

– Eg har blitt valt inn i på Stortinget i eit program som Høgre har vedtatt og så lenge eg er stortingsrepresentant så jobbar eg for det programmet, seier Skutle.

Leiinga i Høgre har tatt vare på Skutle i den vanskelege situasjonen.

– Det er klart at når ein gjer noko som ein ikkje skal gjera, så får det sjølvsagt konsekvensar. Og det forstår eg veldig godt, men eg har blitt godt varetatt, seier Skutle.

Hadde ei lysande politisk framtid

Mange ekspertar har uttalt at Skutle hadde ei lysande politisk framtid, no ønsker Skutle å prøva å vinna tilbake tilliten.

– Den tilliten som partiet i Hordaland og veljarane hadde har fått seg ein betydeleg knekk. Det er ingen grunn til å legga skjul på det, men eg er innstilt på å jobba hardt for å få tilliten tilbake. Om eg klarer det, det veit eg ikkje, svarer Skutle.

Tilbake i arbeid

Skutle sit framleis i Stortinget og skal gjera det ut perioden. Detta har det kome ulike synspunkt på.

– Eg har fått mykje støtte frå folk i stortingsgruppa. Men mange er skuffa og sure, og det har dei all rett i. Men i hovudsak så har eg oppfatta det som at folk bryr seg og det har vore veldig viktig for meg den siste veka, seier Skutle.

No gler Skutle seg til å koma tilbake til jobb.

– Eg gler meg til å koma tilbake og prata med folk, få gje nokre klemma og kanskje få litt kjeft også, for det fortener eg, legg Skutle til.

Frå skuleaksjon til ei rikspolitisk sak

Det heile byrja med ei skuleoppgåve som avslørte hasjbruken til elevar på vidaregåande skular i Fana og Ytrebygda i Hordaland.

Våren og hausten 2013 fekk politiet ei rekkje uromeldingar om narkotikabruk på vidaregåande skular i Bergen. Det sat i gong ein særs omfattande narkotikaaksjon mot skular i Bergen. Nærmare 40 elevar vart arresterte i aksjonen for «brot på omgang med narkotika».

I skuleaksjonen tok politiet i Bergen beslag av fleire mobiltelefonar. Det var på ein av desse telefonane Erik Skutle sitt namn dukka opp, ifølgje BA. På ein SMS gjekk det fram at Skutle hadde vore på ein fest der det vart brukt cannabis. På bakgrunn av dette vart Skutle kalla inn til avhøyr. Der la stortingsrepresentanten korta på bordet.

– Eg har i dag erkjent overfor politiet å ha røyka cannabis. Eg ventar no politiet si vidare behandling og er førebudd på å ta konsekvensen av lovbrotet, sa Skutle i ei pressemelding sist torsdag kveld.

Seinare same dag vart også ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen sikta i narkotikasaka. Politiet bekreftar at dei tre Høgre-politikarane er sikta for lovbrot som skal ha skjedd dei siste tre månadane.

– Eg har svikta dei

Frank Aarebrot

– TILLITSBROT: Sjølv om det er eit tillitsbrot mot partiet, meiner valforskar Frank Aarebrot seier politikarar må kunna bli nominerte, sjølv om dei har brukt hasj.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Sist torsdag kveld kom det fram at Skutle trekkjer seg frå alle partiverv etter narkotikasiktinga.

– Eg har svikta dei som har hjelpt meg fram, sa Skutle då.

Fleire meiner at det må vera rom for at dei to Høgrepolitikarane kan få halde fram i politikken, blant dei gruppeleiar Dag Skansen i Bergen Høgre.

– Dei er unge og har lang tid framfor seg i politikken. Det må vera rom for å gjere feil.

Også valforskar Frank Aarebrot seier politikarar må kunna bli nominerte, sjølv om dei har brukt hasj.

– Fortidige brotsverk burde ikkje hindra folk i å verte nominert. Men det er eit klart tillitsbrot med partiet at ein ikkje fortel om fortidig kriminell åtferd før nominasjonsmøte.