Hopp til innhold

Sjå kunstprosjektet som sauene drit i

To tusen bøker er spikra fast i bakken på eit sauebeite på Osterøy. Her skal litteraturen gnagast sund av dei firbeinte drøvtyggarane.

Bøker på sauebeite
Foto: Erling Kleiveland

Bøker på sauebeite

SPIKRA FAST: Lange spikrar held dei utgåtte bøkene fast til bakken.

Foto: Erling Kleiveland

– Eg er veldig imponert og overraska over kor flott det er blitt, seier biblioteksjef Bente Dammen ved Osterøy bibliotek til NRK.

Det var lokalavisa Bygdanytt som først skreiv om det eineståande kunstprosjektet på Osterøy utanfor Bergen.

Ulldottane på Kleiveland får no eit litterært tilbod som andre dyr berre kan drøyma om.

Sauer treng også mat for sjela, seier Dammen til avisa.

– Tok det eit steg vidare

Det var ho som først tenkte at kasserte bøker måtte kunna brukast til eit kunstprosjekt. Av og til må norske bibliotek kvitta seg med bøker som er gamle, eller på andre måtar blir til overs.

Men Dammen hadde ikkje sett for seg at det skulle bli så spesielt.

– Vi hadde ein ide, og tok kontakt med kunststudent Marie Skeie, som er frå Osterøy. Ho samarbeider med tre andre studentar, og vi kan vel seia at dei tok det eit steg vidare, seier biblioteksjefen til NRK.

Sauene drit i det. Det er saueskit utover bøkene.

Erling Kleiveland
Bøker på sauebeite

KULTURBEITE: Bøkene markerer seg tydeleg i kulturlandskapet på Kleiveland.

Foto: Erling Kleiveland

Bokstuntet på Osterøy er ein del av eit større kunstprosjekt som studentane står bak. Prosjektet går under namnet "Om hundre år er allting glemt".

– Det er eit sitat frå Knut Hamsun som mange kjenner. Men heldigvis stemmer det ikkje heilt, seier biblioteksjef Dammen.

I tråd med grunntanken for prosjektet skal bøkene bli gnagd sund av sauer, vêr og vind. Kunstnarane som står bak er Marie Skeie, Vibeke Frost Andersen, Kebreab Demeke og J B Beovardi.

– Ristar på hovudet

Ein av dei som har følgt med på prosjektet på nært hald ei stund er Erling Kleiveland, som bur like ved kunstinstallasjonen.

– Eg syns det er eit spennande prosjekt. Men folk reagerer veldig ulikt når dei ser det. Nokon seier det er spektakulært, andre berre ristar på hovudet og kallar det vannvittig, seier Kleiveland til NRK.

– Korleis tek sauene dette?

– I starten var dei litt interesserte, spesielt lamma var nysgjerrige. Men det mista fort nyhetens interesse. No drit dei i bøkene, bokstavleg talt. Det er saueskit utover bøkene, seier Kleiveland med eit smil.

Installasjonen blei montert i juni og skal stå på Kleiveland resten av sommaren.

Kleiveland på Osterøy