– Dette er det drygaste vi nokon gang har gjort, seier gitarist Jørgen Munkeby.
På kanten av Trolltunga er det 700 meter rett ned til Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Konserten blei ei luftig oppleving for jazzmetall-bandet.
– Eg trengde lang tid til å venna meg til høgda. Éin ting er å berre stå der, men det er noko heilt anna å måtte spela på kanten av eit stup. Alle i bandet hadde naturlegvis høgdeskrekk, men ingen fekk panikk. Då me begynte å spela, tenkte me ikkje noko meir på høgda, seier vokalisten.
Bandet er for tida på Europa-turné, og blei flydd opp til Trolltunga med helikopter for å rekka å spela konserten.
Til saman hadde rundt 300 personar tatt den fem timars lange turen for å delta på konserten. No kan du sjå den i si heilskap i videoen over.