No opnar vegen ved Granvinsvatnet
Sidan nesten 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss raste ut i Granvinsvatnet i april 2016, har det vore arbeidd med å bygga ny. I fjor opna Jobergtunnelen og i dag var det endeleg klart for offisiell opning av den siste vegstubben langs vatnet.