Kontrollmålinga starta klokka 11.00. Det var politiet som kom til Sentralbadet i Bergen. Oppdraget deira var å sjekka om pepperkakebyen verkeleg er størst i verda.
Tidlegare år har pepperkakebyen hatt tilhaldsstad på Torgalmenningen i Bergen sentrum. Men i år vart heile byen flytta til det stengte Sentralbadet eit kort stykke unna.
Konseptet har eksistert sidan 1991 og årets by er dermed den 24. i rekka.
Større enn i fjor
Politiet fekk god hjelp frå mange barn som i dag var på besøk i pepperkakebyen. Saman tok dei fram målebåndet og byrja å kontrollmåle byen.
Etter ti effektive minutt var resultata klare:
- Årets pepperkakeby har ein storleik på 430 kvadratmeter (i fjor var den på 380 kvadratmeter).
- Byen har 2.000 bygningar, tog og bilar
- Det er kring 12.000 menneske som har vore med på å bygga byen.