Britt Jannicke Lundal jobbar som kokk på Stardal Bygdetun og har vore med å laga eit miniatyr av bygdetunet som peparkakebygda står i.
TRAKTORAR. Alt er med når ein skal lage ei peparkakebygd. Også traktorane.
Foto: Kathrine Nygård / NRK– Eg er ikkje frå bygda sjølv, så difor måtte eg bidra med å lage min eigen arbeidsplass, smiler ho.
Lundal synest det var kjekt at heile bygda kunne samlast for å lage sine eigne hus og gardar av peparkaker.
BYGDETUN. Britt Jannicke Lundal har laga Stardal Bygdetun av peparkake.
Foto: Kathrine Nygård / NRK– Det er ein fin måte å vere saman på og så er det jo sjølvsagt veldig kjekt å sjå kor kreativ ein kan vere, fortel Lundal.
STAS FOR UNGANE. Ingrid Hjelle er tilsett ved barnehagen i same bygg som bygdetunet. Dei har fått vere med å lage peparkakehus.
Foto: Kathrine Nygård / NRKIngrid Hjelle er tilsett ved barnehagen som ligg i same hus som bygdetunet. Ungane fekk vere med å lage peparkakehus. Det var stas for både ungar og vaksne.
– Det er kjekt å få vere med på å lage sin eigen heimstad. Det er samlande og kjekt, fortel Hjelle.
Sjølv tok ho på seg ansvaret å lage NAF-bana.
– Det var ingen andre som ville, det var litt vrient å få til. Men eg tok ein for laget, flirer Hjelle.
HYTTEGRENDA. Det aller meste er med i miniatyrbygda.
Foto: Kathrine Nygård / NRKPeparkakebygda har 22 hus. Og det er huseigarane som står bak.
– Alle har laga sine eigne hus og gardar, det trur eg dei fleste synest det er spennande, fortel Marit Flatjord.
TRADISJON. Marit Flatjord håpar bygging av peparkakebygda blir fast tradisjon.
Foto: Kathrine Nygård / NRKHo har vore ei av dei som har stått i bresjen for å få til arrangementet for andre gong år på rad.
– Bergen har peparkakebyen og vi har peparkakebygda. Vi er jo stolte av bygda vår.
No gler Flatjord seg til neste år.
– Eg håper dette kan bli fast tradisjon, avsluttar ho.