Hopp til innhold

Nytt høghus skapar splid i Bergen

Bygging av ei 53 meter høg bustadblokk vegg i vegg med ein påkosta høgskule får bergensarar og ekspertar til å sjå raudt.

Høghus Bergen

SKAPAR SPLID: Dette høge bustadbygget i Møllendal kan no bli ein realitet. Men ikkje alle synest det vert fint. Kritikarane meiner blokka vil kaste skuggar over den nye kunsthøgskulen som er under bygging.

Foto: OPUS

Det var høg temperatur da Kommunal- og moderniseringsdepartementet kom på synfaring til den omstridde høgblokk-planen ved Store Lungegårdsvann.

Ei gruppe på 10–15 byråkratar og utbyggarar rusla ein kjapp runde langs vatnet. I bakgrunnen tronar fjellet Ulriken, og nede ved strandlinja ser ein at den nye Kunst- og designhøgskulen i Bergen er i ferd med å reisa seg. Skulen skal stå ferdig i 2017.

Avviser kritikken

Astrid Renata Van Veen er prosjektleiar i arkitektkontoret Snøhetta. Tanken på eit 53 meter høgt blikkfang som tar luven frå signalbygget, får henne til å sjå raudt.

– Her må ein velje: Skule eller bustadblokk. Visuelt vert det feil at eit tårn skal prege bydelen. Skulen som institusjon må få lov å dominera bybildet her.

Spesialrådgjevar Ståle Eeg-Nilsen frå utbyggarselskapet Mølleneset AS avviser kritikken.

– Vi er overtydd om at nettopp ei høgblokk vil auke merksemda om skulen og at dette er den beste løysinga. Allmenningen vert ståande urørt, seier han til NRK.

Signalbygg

Like ved har utbyggaren Mølleneset AS fått løyve til å bygga eit mykje høgare og meir prangande bygg. Ei 53 meter høg bustadblokk vil bokstaveleg legga signalbygget og allmenningen i skuggen, og ta all merksemd, ifølge kritikarane.

For å visa kor ruvande høgblokka vil bli, er det for anledninga plassert ein enorm kran der allmenningen skal komma. Men utbyggaren meiner krana er plassert slik at den gir eit feil inntrykk.

Representanten for Fylkesmannen i Hordaland som har levert motsegn mot høgblokka, geleidar gruppa som er på synfaring.

Byrådet skeptisk

I tur og orden har dei til ei kvar tid sitjande byrådane uttrykt skepsis mot høgda på bygget:

Byrådsleiarane Monica Mæland (H), Ragnhild Stolt-Nielsen (H) og Martin Smith-Sivertsen (H) og byutviklingsbyrådane Lisbeth Iversen (KrF), Filip Rygg (KrF) og Henning Warloe (H).

Negativ til ny nabo

Statsbygg skal eiga den nye Kunst- og designhøgskulen. Regiondirektør Torbjørn Nevdal er negativ til at skulen kan få ei bustadblokk som nabo.

– Høghuset fråviker planane og ligg på feil plass. Høgblokka vil skape skyggeverknader og vi meiner dette er uverdig for byen og lokalbefolkninga, seier Nevdal.

To representantar er kome frå Oslo for å vera departementet sine auge.

– Det viktigaste for departementet er å sjå staden og få eit inntrykk av lokalmiljøet, og at alle får sagt sitt, før statsråd Jan Tore Sanner skal fatte eit vedtak, seier rådgjevar Birgitte Bue Mathisen i Kommunaldepartementet til NRK.