Hopp til innhold

Norsk krim slår an i Storbritannia

Gunnar Staalesen er ein av fleire norske krimforfattarar som opplever stigande interesse i Storbritannia. Den nordiske bølga blir omtala som ein eigen sjanger på krimfestivalen i Bristol.

Gunnar Staalesen er en av flere norske krimforfattere som opplever stigende interesse i Storbritannia. Den nordiske bølgen blir omtalt som en egen sjanger når eksperter møtes på krimfestival i Bristol.

ETTERSPURT I ENGLAND: Gunnar Staalesen skriver autografer så blekket spruter under Crimefest i Bristol.

På eit ærverdig hotell på den engelske vestkysten samlast forfattarar, bransjefolk og ivrige lesarar til den årlege Crimefest. Og her, mellom verdskjende forfattarnamn, opplever nordiske forfattarar aukande interesse for det dei skriv.

Forfatter Hans Olav Lahlum

NOMINERT: Forfatter Hans Olav Lahlum

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Horst og Lahlum

– Det er eit fokus som er helt spesielt desse årene, seier Gunnar Staalesen begeistra.

Han peikar på at Jørn Lier Horst og Hans Olav Lahlum er nominert til pris for beste nordiske kriminalroman gitt ut på engelsk.

Staalesen får støtte frå Barry Forshaw. Han er litteraturkritikar og ein av Englands fremste krimekspertar.

Stadig større

– For 15 år sidan ville ein norsk agent hatt vanskar med å få til eit møte med ein engelsk forleggar. No står dørene opne.

Barry Forshaw har skreve bok om krimbølga frå Norden. Fenomenet har også fått sin eigen programpost på festivalen. Forshaw seier den nordiske bølga ikkje har nådd toppen ennå.

Staalesen er betre enn nokon gong. Han er ein kultforfattar.

Barry Forshaw

Annleis samfunnskritikk

Jørn Lier Horst.

NOMINERT: Forfatter Jørn Lier Horst

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Også Nils Nordberg, Noregs fremste krimekspert, er på festivalen i Bristol. Han trur engelske lesarane blir tiltrekt av samfunnskritikken i nordiske krimbøker.

– Det kan vere fordi det handlar om fungerande velferdsstatar der ting likevel ikkje er heilt som dei skal vere. Det skaper ei spesiell atmosfære for lesaren, trur Nordberg.

Forshaw er einig. Sjølv om det også finst bøker med samfunnskritikk i britisk litteratur, meiner han at dei nordiske forfattarane gir noko ekstra.

Karen Sullivan er Staalesen sin nye forleggar. Ho har store forventingar til den ferske boka, som er den sjette Veum-boka engelsk. Forleggaren beskriv bøkene til bergensforfattaren som eksotiske og annleis. Ho veit at mange ventar utolmodig på denne boka.

Noko av det største

– Eg har fått fleire epostar om denne boka enn om noko anna. Det er veldig spennande, fortel Sullivan.

Sjølv om det er eit stykke opp til Jo Nesbø, som toppar salslistene, har Staalesen og hans bergenske detektiv sine trufaste fans.

Staalesen sit ved eit bord og signerer bøker til fans. Han synest det er spennande å lukkast på det engelskspråklege marknaden.

– Når ein kjem frå eit så lite språkområde som Noreg og blir gitt ut i Storbritannia, så er jo det noko av det ein kan vere aller mest nøgd med som krimforfattar.