Hopp til innhold

Kven er Schjelderup sine tre damer?

Fire av sju plassar i byrådet i Bergen er klare. Men tre spørsmålsteikn står igjen for at byrådskabalen skal gå opp.

Byrådslederkandidat i Bergen, Harald Schjelderup er på Arbeiderpartiets valgkampåpning på Ny-Krohn

DIREKTE: Harald Schjelderup har allereie fire byrådsplassar – og fire menn klare. Klokka 14.30 må han presentere tre kvinnenamn.

Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet presenterer i dag kven som skal inn i det nye byrådet i vestlandshovudstaden. Det er funne plass til sju byrådar, fire menn og fire tre skal presenterast på ein pressekonferanse klokka 14.30.

Dei tre byrådspartia Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre har halde korta tett til brystet. Likevel er det ein del namn som er klare.

Fire menn er klare

Førstekandidatane til Venstre og Kristeleg folkeparti, Erlend Horn og Dag Inge Ulstein, skal begge inn i byrådet. Det har ikkje lukkast NRK å få stadfesta kva byrådsavdelingar dei to skal få ansvaret for.

I tillegg har NRK fått opplyst at Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet vert byråd for skule og barnehage. Det var lenge usikkert om 35-åringen som har vore leiar i oppvekstkomiteen skulle sitta i byråd eller i bystyret.

Pål Hafstad Thorsen

SKAL INN: Pål Hafstad Thorsen blir ein av Ap sine menn i det nye byrådet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Då NRK snakka med Thorsen måndag var han oppskriftsmessig ordknapp.

– Det har eg ingen kommentar til, sa 35-åringen med eit flir.

Når Harald Schjelderup i tillegg skal inn er det ikkje plass til fleire menn i byrådet.

Andersland aktuell

Etter det NRK forstår vert Idun Bortne gruppeleiar for Venstre i bystyret og får leiarjobben i komite for barnehage, skule og idrett. Det betyr at det truleg er Julie Andersland som får plass i byrådet. Men det er ikkje stadfesta av sikre kjelder.

Den tidlegare gruppeleiaren sa før helga at ho var usikker på kva ho skulle ta seg til framover.

Julie Andersland - V

HØGAKTUELL: Julie Andersland tok ikkje attval for Venstre til bystyret, men kan bli byråd.

Foto: Rolf Hordnes

Andersland høyrer til den meir Ap-venlege delen av partiet, og kan derfor vera eit naturleg val.

To kvinner

Dei to siste plassane i byrådet skal tilhøyra ei kvinne frå Arbeidarpartiet og ei kvinne frå Kristeleg folkeparti.

Lubna Jaffery er av mange nemnd som ein mogeleg kulturbyråd, men ifølgje fleire kjelder skal den tidlegare statssekretæren i kulturdepartementet ikkje vera blant dei Schjelderup har plukka ut.

Anna Elisa Tryti er eit av namna som vert nemnd. Den tidlegare byutviklingspolitikaren er fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.

BA skreiv måndag at Jaffery ikkje er aktuell og at Schjelderup satsar på å henta ein av sine byrådar frå utsida av bystyret. Ho vert heller ikkje å finna blant Arbeidarpartiet sine heiltidspolitikarar på rådhuset. Rune Bakervik får jobben som gruppeleiar i bystyret og nestleiar i finanskomiteen, medan Geir Steinar Dale vert leiar for byutviklingskomiteen.

Ifrå Kristeleg folkeparti skal det og ei kvinne inn i byrådet. Rebekka Ljosland og Elisabeth Leirgul er dei to mest aktuelle frå bystyregruppa. Begge har erfaring frå helsevesenet og har vore engasjerte i helsepolitikk.

Rebekka Ljosland

AKTUELL: Rebekka Ljosland (bildet) og Elisabeth Leirgul frå KrF er også heite kandidatar til byrådet.

Foto: Alrik Velsvik/NRK