Hopp til innhold

Forskarane nøgde trass fem drepne revar

I vinter vart 30 utryddingstruga fjellrevar sett ut på Hardangervidda. Eit halvt år seinare ser det ut til at flokken greier seg godt.

Fjellrev

PÅ VEG OPPOVER: 2014 har vore eit etterlengta godt år for fjellrevbestanden, med 26 kull og 166 kvelpar.

Foto: Thor-Aksel Hagen

FJELLREV

– LOVANDE: Seniorforskar Arild Landa er optimistisk for framtida til fjellreven.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

– Det er berre å bli hoppande glad for det. Det er artig at det går rett veg, seier seniorforskar Arild Landa ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

I vinter vart til saman 30 fjellrevar sett ut på Hardangervidda, på fire forskjellige stader. Med på turen var klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Trass i at fem av dei har vorte påkøyrd, er seniorforskaren optimistisk og har god tru på at ein igjen skal få ein levedyktig stamme med fjellrevar på Hardangervidda.

Kjempar for å berge fjellreven

I mange år har forskarar både i Norge og Sverige kjempa for å berga den utryddingstruga fjellrevbestanden. I Norge har Direktoratet for naturforvaltning dei siste åra sett ut kvelpar som er avla fram på Oppdal.

Det har ein gjort mellom anna i Rana, på Saltfjellet og på Finse. 2012 var eit katastrofalt dårleg år for fjellreven i Norge, men sidan då har det gått rette vegen.

– So langt i år er det registrert 26 kull med minst 166 kvelpar, men vi trur det kan bli enno fleire, sa koordinator for overvakingsprogrammet, Nina Eide, til NRK tidlegare i juli.

Saka held fram under biletet

Fjellreven er tilbake i Telemark. 30 valper er nå satt ut på Hardangervidda. Med dem håper man at bestanden av den truede arten - igjen vil øke.
Blokk: 30 fortumla fjellrevvalper. Som ikke aner at de er bare en time unna friheten og snart skal hele Hardangervidda Nasajonalpark som lekeplassnm
LYD opp. bare timer tidligere. Valpene har akkurat ankommet fra en avlsstasjon i Oppdal . 
SYNC 12 timer. 
Først måtte de merkes med en microchip
SYNC microchip
før de ble flyttet over i mindre kasser -
før sisteetappen med snøskuter nesten 3 mil inn på fjellet. .
Om femti år vil bestanden av fjellrev i Norge være borte dersom det ikke gjøre noe. Klima og miljøministeren mener dette er et viktig arbeid
SYNC
viktig.
Hardangervidda er et godt sted å sette ut fjellrev. I dette området er det minst 200 gamle revehi, 
men man må ty til hjelpemidler - et kunstig fjellrevhi med mat for en måned er løsningen. 
SYNC
Tilsammen elleve av valpene ble plassert her - 
Så trakk alle seg tilbake - og ventet
og etter en stund - endelig ute i friheten - kanskje noe forvirret
SYNC
SYNC

– Høyrer heime i høgfjellet

Han og dei andre ved NINA har søkt grunneigarane på Hardangervidda om å få sette ut tjue fjellrevkvelpar i året. Målet er å gjere nasjonalparken til det største fjellrevområdet i Norge.

– Tidlegare var det tusenvis av fjellrev i den norske fjellheimen. Den høyrer heime i høgfjellet, seier Landa.

Det var omfattande jakt som var ein av årsakene til at fjellreven vart utryddingstruga. Frå 1879 til 1911 var det truleg skote meir enn 2000 fjellrev kvart år. I tillegg vart tamreven blanda inn med fjellrevane.

– Dei er ganske så forskjellige frå dei opphavlege norske fjellrevane. Så det er veldig bra at me har fått til me ynskjer. Me får berre kryssa fingrane for at held fram slik framover også, avsluttar Landa.

Fjellrev funnet død

PÅKØYRD: Av dei 30 fjellrevane som vart sett ut på Hardangervidda i vinter, er fem av dei vorte påkøyrd. Forskarane er likevel optimistiske på vegner av fjellrevbestanden.

Foto: Leidulf Vaagen