Hopp til innhold

Erkjenner ikkje straffskuld etter bombetrussel

Den 18 år gamle kvinna blir framstilt for fengsling i morgon. – Ho har det veldig tungt, seier forsvarar Odd Bovim.

evakuert

EVAKUERT: Bergen lufthamn Flesland vart evakuert like etter klokka 20.00 tysdag kveld.

Foto: Anders Ekanger

Kvinna vart arrestert i Førde i 23-tida tysdag kveld. Bergen lufthamn Flesland vart i går kveld evakuert i fleire timar etter at 18-åringen la fram ein bombetrussel mot eit Widerøe-fly.

Trusselen skal ha kome inn til flyselskapet via i eit chatte-program som Widerøe brukar til kundebehandling. Kvinna erkjente at ho stod bak då ho vart arrestert i går. Politiet har funne spor på telefonen hennar som bekreftar tilståinga.

– Men ho erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar Odd Bovim til NRK.

Ber om undersøking

18-åringen blir framstilt for fengsling i Sunnfjord tingrett i Førde klokka 12.00 torsdag.

– Ho har det veldig tungt og synest situasjonen er vanskeleg. Samstundes samarbeider ho med politiet, legg Bovim til.

Han har bedt om ei personundersøking for å vurdere om kvinna oppfyller vilkåra for å bli straffa. Ifølge han har ho også bedt om dette.

– Har ho forklara kvifor ho kom med trusselen?

– Det ho har sagt er at ho ikkje hadde noko spesiell grunn til å gjere det, svarar Bovim.

Har kome med trugslar før

Widerøe har den siste tida fått fleire liknande meldingar frå kvinna.

– Ho blir etterforska opp mot denne trusselen, samt andre forhold ho er meldt for, sa Morten Ørn, sjef ved Bergen sør politistasjon til NRK tidlegare i dag.

Ifølge avisa Firda skal kvinna tidlegare ha kome med trugslar også mot lensmannskontoret i Førde.

Det er ikkje kjent kor lenge politiet vil fengsle kvinna.