Måndag 26. mai 2014 kolliderte ei bybanevogn og ein lastebil i krysset Kaigaten og Peter Motzfeldsgate i Bergen. To personar blei lettare skadd og sendt til legevakta etter ulukka
No er rapporten frå Statens Havarikommisjon for Transport klar. Dei skildrar ulukka som alvorleg, og rettar kritikk på to punkt:
- Utforminga av krysset Kaigaten/Peter Motzfeldtsgate er ikkje optimal.
- Opplæringa av bybaneførarane kan bli betre.
Utfordrande kryss
I rapporten skriv Havarkommisjonen at det er avgrensa plass for større køyretøy i krysset, samtidig med passerande bybanevogner.
Dei skriv vidare at krysset ikkje har markert skilje mellom køyrefelta, noko som var ein føresetnad i risikoanalysen av den prosjekterte løysinga.
Ifølgje rapporten har fleire førarar omtalt Kaigaten som ein utfordrande plass å køyre med tanke på mjuke trafikantar. Mange syklistar og fotgjengarar brukar dette området, og rett før ulukkestaden er det eit naturleg krysningspunkt for fotgjengarar, sjølv om dette ikkje er markert som gangfelt.
Kommisjonen rår Bybanen AS og Statens vegvesen til å greie ut om det er mogleg å gjennomføre endringar som kan redusere faren for nye samanstøyt.
Meiner opplæringa kan bli betre
Undersøkingane etter ulukka 26. mai syner også at opplæringa av bybaneførarane kan bli betre med tanke på å observere, forstå, føresjå og handtere ulike trafikksituasjonar.
Statens Havarikommisjon for Transport rår driftselskapet Keolis AS til å styrke opplæringa av bybaneførarane.
Keolis Norge AS opplyser at det i seinare tid har vore ei endring av opplæringa, der den teoretiske opplæringa er redusert, medan den praktisk køyretreninga er styrka.
Bybanen kollidert også med ein lastebil i Bergen sentrum på same staden, 2. mai 2015.