– Det er betre å vera bonde i Hordaland enn i Rogaland. Vilkåra for bøndene er mykje dårlegare i nabofylket, seier Torbjørn Grønstad, leiar i Bondelaget i Etne.
Diskusjonen om kommunesamanslåing er godt i gang i Hordalandskommunen Etne.
Etter at dei i fjor konkluderte med at det ikkje var aktuelt å bli del av ein storkommune i Sunnhordland, ligg alle alternativa til samanslåing no i Rogaland.
For mjølkebonde Grønstad er forskjellar i pris på mjølkekvoten eit viktig tema.
– Her i Etne så har me gjerne betalt 3–4 kroner for literen, medan i Rogaland må ein betala mellom 8 og 10 for literen, om ikkje meir.
– Distriktstilskota og midlar frå Innovasjon Norge er også mykje betre i Hordaland.
– Viktig å ikkje svekka tilskota
Bøndene i Etne er ikkje aleine om å frykta fylkesendringar.
– Når region- og kommunestrukturen i landet er under debatt er det naturleg at folk er urolege, seier leiar i Noregs bondelag, Lars Petter Bartnes.
Bartnes fortel at dei får signal frå fylkeskontora rundt om at medlemmane er redde for kva konsekvensar det kan få.
– Ein plass må grensene gå, og fylka og kommunane blir ofte brukt som skilje på satsane på tilskot. Medan i nokon tilfelle er det klimatiske og geografisk vurderingar som er gjort, seier Bartnes
Han seier dei kjem til å følga saka tett vidare.
– Det er viktig å ikkje svekka tilskota for bøndene som er i grenseområda. Det er årsaker til at det er forskjellar på satsane. Me ønsker ikkje at det skal bli store endringar, slår Bartnes fast.
– Utfordrande
Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen, forstår uroa til bøndene.
– Me har oppfordra bondelaget og småbrukarlaget til å komma med innspel i høyringa, og det skal me heilt klart ta med oss. Eg forstår at dei blir uroa, fordi det går på inntektene deira.
Ho peikar også på at ei kommande regionreform i landet vil kunne endra situasjonen.
– Med regionreforma vil landbruket sine kår vera heilt i det uvisse, så kva me skal tenka ut ifrå er ei utfordring.
Torbjørn Grønstad håpar det vil bli mogleg å halda fram som før.
– Etne er ein landbrukskommune. Det håpar eg me kan vera i framtida også, så det blir spennande å sjå kva utfallet blir.