Hopp til innhold

– Forstår leiardiskusjonen etter valnederlaget

Martin Smith-Sivertsen er sikra posisjonen som gruppeleiar, men forstår godt diskusjonen rundt hans leiarskap etter det dårlege valresultatet.

Martin Smith-Sivertsen

LEIAR: Martin Smith-Sivertsen blir gruppeleiar etter kveldens gruppemøte i Høgre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Høgre i Bergen møtast i kveld for avgjere kven som blir leiar og nestleiar for bystyregruppa dei neste fire åra. Det store spørsmålet har vore om Martin Smith-Sivertsen sit trygt.

Klokka 19.14 skriv Henning Warloe på Twitter at Smith Sivertsen er valt med stort fleirtal.

Hilde Onarheim blir nestleiar. Fleire har valt å stemme blankt. Det var ingen motkandidat i kampen om vervet.

Laster Twitter-innhold

Naturleg med leiardiskusjon etter valnederlaget

– Eg synest det er fint å få fornya tillit. Vi har ein jobb framfor oss fram mot neste val, og den jobben starta no, seier Smith-Sivertsen til NRK etter møtet.

Smith-Sivertsen meiner det er naturleg med diskusjon rundt leiarvervet etter det dårlege valresultatet.

– I Høgre tar vi debattane og det må eg leve med. Eg trur vi skal få til eit godt samarbeid i denne gruppa her. Det vil nok også kome ein diskusjon og ei evaluering av valresultatet utover hausten, seier Sivertsen.

– Ikkje sterke motsetningar

Spekulasjonar om korleis leiinga i partiet skulle bli har prega møtet i forkant. Nyvalt nestleiar, Hilde Onarheim meiner ikkje møtet bar preg av splid i partiet.

– Det var ingen motkandidat, og då seier det seg sjølv at det ikkje har vore så sterke motsetningar, seier Onarheim.

Ho er ikkje demotivert etter å ha gått frå å vere i posisjon til opposisjon.

– Vi har eit mål, og det er å kome i posisjon igjen om fire år, seier Onarheim.

Spenning

Gruppemøtet starta klokka 18.00, og det var ein svært lite snakkesalig gruppe som møtte opp like i forkant.

Få ville kome med nokon frampeik på kven som vil få leiarposisjonane i bystyregruppe.

– No skal vi ta ei avgjersle, så får vi sjå, sa gruppeleiar Dag Skansen på veg inn i møtet.

Smith-Sivertsen kan bli kasta

På førehand har det vore mange spekulasjonar om korleis kabalen i Høgre vil bli etter det dårlege valet. Det er 15 personar frå partiet som skal sitje i bystyret komande periode.

Fleire scenario var mogelege, sjølv om det normalt vil vere bystyreleiaren som tar over som gruppeleiar når ein går frå posisjon til opposisjon.

Splid i gruppa

Dei siste dagane har delar av gruppa arbeidd for ei alternativ løysing, men kva som er detaljane i den er ukjent.

Dei siste fire åra har Høgre hatt 12 heiltidspolitikarar. Dette vil blir kraftig kutta, og truleg ende på to og ei halv stilling. Det er difor svært trongt om plassane.