Hopp til innhold

– Vi bør ikkje byggje tunnelar på denne måten

Prosjektleiaren ønskjer at ein tek lærdom av bygginga av Knappetunnelen i Bergen. Regionvegsjefen er langt på veg einig.

Sverre Ottesen

– MÅ LÆRA AV DETTE: Sverre Ottesen, prosjektleiar for utbygginga av Ringveg Vest, meiner lange tunnelar ideelt sett bør byggjast i eit og same strekk. Ikkje slik Knappetunnelen no er blitt bygd.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Vi bør helst ikkje byggje ein lang tunnel i to eller tre bitar. Det blir mykje plunder og heft for trafikantane. Og så blir det litt vondt i magen for oss som skal halda dette i gang, seier prosjektleiar for byggetrinn 2 av Ringveg Vest, Sverre Ottesen.

Etter fire og eit halvt år med arbeid, kunne den etterlengta del to av Knappetunnelen i Bergen opnast torsdag. Men anleggsarbeidet har ikkje gått forbi i stille.

Aldri igjen

Prosjektleiar Ottesen meiner slik trinnvis utbygging av ein lang tunnel, ikkje må skje igjen.

– Erfaringsmessig når vi ser tilbake, så er det krevjande både for oss som skal byggje, og for trafikantane. Dei siste to sommarferiane har vi måtta stenga den første delen av tunnelen for å byggje og kople den saman med den nye. I ei ideell verd kunne vi bygd dette samla, meiner han.

LES OGSÅ: Kva for ein veg er raskast til Flesland?

– Det blir vanskeleg når ein først har opna og sett trafikk på det første byggetrinnet, slik vi gjorde her. Så skal du fire-fem år seinare installera ny automatikk som ikkje vil snakka saman med den gamle, forklarar Ottesen.

– Heile tunnelen kunne stått klar i 2010

Prosjektleiaren forstår godt at det er politikarane som prioriterer pengebruken, og har respekt for deira vurderingar. Men prosjektleiaren meiner likevel det er lærdom å ta med seg frå bygginga av Knappetunnelen.

– Kven har ansvar for at det blir slik?

– Det er ei utfordring som vi skal ha respekt for. Det er politikarane som skal finna pengar. For Knappetunnelen var det ikkje gitt at det var nok pengar i Bergensprogrammet til byggetrinn to, då vi bygde byggetrinn ein, seier Ottesen, som meiner både byggetrinn ein og to kunne stått klar i 2010 om pengane var sett av til det.

Åpning av Knappetunnelen

– EIT STORT PROSJEKT: Regionvegsjef Helge Eidsnes (t.h.) seier det nokon gongar må bli slik at store prosjekt blir delt opp i fleire byggjetrinn, for at dei skal kunna bli realisert.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Eit av dei store prosjekta

Regionvegsjef Helge Eidsnes er einig med Ottesen i at det hadde vore fint å byggje heile tunnelen i ein gong.

– Men nokre gongar blir det slik. Spesielt når det skal takast store løft. Dette er jo ikkje akkurat noko puslete prosjekt, dette er eit av dei verkeleg store, seier Eidsnes, og minner om totalprislappen på 2,9 milliardar kroner etter dagens kurs.

– Slike avvegingar har vi hatt før, og det kjem vi til å få igjen. Vi kan ikkje byggje noko vi ikkje har pengar til å byggje. Vi ønskjer alle å byggje trinn tre også, men i bergensprogrammet er vi enige om at det er andre prosjekter som må prioriteres før det, sier Eidsnes.

Byggetrinn tre av Ringveg Vest er tunnel frå Dolvik til Flyplassvegen. Den utbygginga er det førebels ikkje sett av pengar til.

Byggetrinn 2 av Ringvei vest står straks klart til bruk. Den nye delen av Knappetunnelen åpner 12.november. Her kan du bli med på en sniktitt!

Byggetrinn 2 av Ringveg vest er klart til bruk. Den nye delen av Knappetunnelen opna 12. november. Her kan du teste nyetunnelen.