Hopp til innhold

– Det blir eit veldig spesielt oppdrag

I slutten av mai set forsyningsskipet «Siem Pilot» kursen mot Middelhavet. Om bord er mannskap som no må førebu seg på å redde menneske i desperat flukt opp frå sjøen.

Det er skipet «Siem Pilot» som har fått oppdraget med å redde flyktningar i Middelhavet. Fartøyet dreg i slutten av mai, stadfestar statsminister Erna Solberg (H).

Statsminister Erna Solberg på veg inn på «Siem Pilot», skipet som i slutten av mai reiser til Middelhavet for å bidra i operasjon «Triton».

– Det blir veldig spesielt. Det blir ei stor fagleg utfordring og ein god del inntrykk. Vi planlegg godt no for å vera førebudde både på grensekontroll og redde flyktningar i havsnød, seier Tore Barstad til NRK.

Tore Barstad

Operasjonssjef om bord i skipet er Tore Barstad.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Han skal vera politiets operasjonssjef om bord. I dag tok han skipet «Siem Pilot» i augesyn for første gang. I slutten av mai set båten kurs mot Middelhavet, og er venta å vera framme sør for Sicilia etter kring 11 dagars segltur.

– I dag har eg snakka med mannskap og reiarlag og vi har byrja å legge planar. Det er ei omfattande liste med utstyr som skal med og vera om bord før vi legg kursen sørover.

Lastedekk på nesten 1000 kvadratmeter

Det var først i går at mannskapet om bord på skipet fekk beskjed om at dei skal redde flyktningar i Middelhavet. Skipet er over 80 meter langt og har eit lastedekk på over 900 kvadratmeter.

På dette dekket vil det leggast til rette for å ta om bord flyktningar som er i livsfare. Mannskapet må også vera førebudd på å hente omkomne opp frå havet.

– I utgangspunktet har vi sagt at vi kan ta 500 menneske om bord. Dekket er stort her så vi har plass til veldig mange, seier overstyrmann Ottar Motland.

Overstyrmann Ottar Motland på Siem Pilot forklarar korleis dei kan gjennomføre redningaksjonar med båten.

Overstyrmann Ottar Motland på Siem Pilot forklarar korleis dei kan gjennomføre redningsaksjonar med båten.

– Skipet som er best eigna

Statsminister Erna Solberg var i dag på plass i Bergen for å presentere skipet som Noreg skal bidra med i den internasjonale operasjonen «Triton». Ho seier skipet i første omgang skal vera i Middelhavet i seks månadar.

– Dette er ein båt som er veldig godt tilpassa eit slikt oppdrag. Den har plass til å hente opp mange. Eg er også nøgd med det politiet og forsvaret fortel om rekruttering av folk til båten. Her blir det både redningsfolk og medisinsk personell.

Detaljane kring oppdraget er ikkje kjent men mest truleg får skipet tildelt eit operasjonsområdet sørvest, sør og søraust av Sicilia.

– Vi meiner også at området bør utvidast og det har vi fortalt til EU. Det kjem vi også til å formidle vidare framover, seier Solberg.

Statsminister Erna Solberg på brua til Siem Pilot

MØTTE PRESSEN: Statsminister Erna Solberg presenterte skipet til norsk presse i Bergen i dag. Her frå brua.

Foto: Jon Bolstad / NRK