Hopp til innhold

Nann (20) er teiknedronninga av Snapchat

Med peikefingeren som pensel, og mobilskjermen som lerret, gjer Nann Kristoffersen (20) frå Alta selfies til mobilkunst. Folk frå heile verda følger med på dei humoristiske bilda «queenofsnapchat» legg ut.

Snapchatbilde av Nann Kristoffersen

– Dei fleste følgarane mine kjem frå Sverige, New Zealand og Saudi Arabia. Meir enn 20 000 personar følger med på Nann Kristoffersen (20) sine mobilteikningar på Snapchat og Instagram.

Foto: Nann Kristoffersen

– Ein god teikning kan ta ein time eller meir å lage. Det viktigaste er å ta seg god tid på å teikne bakgrunnen. Og så bør ein alltid ha ein plan for korleis bilete skal sjå ut før ein byrjar, seier Nann Kristoffersen.

Meir enn 20 000 personar frå heile verda følger med på Kristoffersen sine teikningar på Instagram og Snapchat. All teikning skjer gjennom Snapchat, med peikefingeren som einaste hjelpemiddel. Dei beste teikningane legg ho ut på Instagram.

Varemerket til Kristoffersen har etter kvart blitt kjente karakterar i humoristiske situasjonar.

Nann Kristoffersen tegner i snapchat.

IGITAL POINTILLISME: Gjennom ein prikketeknikk får Kristoffersen fram nyansar, som er vanskelege å oppnå med enkle teikneverktøy.

På amerikansk Snapchat-talkshow

Nann Kristoffersen

– Det er dei fine tilbakemeldingane frå folk som gjer det kjekt å holde på, seier Nann Kristoffersen, som bruker mykje tid på å svare følgarane sine.

Foto: Kristin Forland / NRK

I desember i fjor byrja snøballen å rulle. Då inviterte amerikanske Mark Kaye ho til programmet hans «Talkin' snap with Mark Kaye», etter å ha sett bileta hennas på Instagram.

Kaye står bak verdas kanskje einaste Snapchat-baserte talk show. Gjennom å sende videoar fram og tilbake til kvarandre, intervjua Kaye Kristoffersen om teikningane hennas.

– Etter programmet til Mark var det veldig mange som byrja å følge meg. Eg måtte lage meg ein eigen privat konto til snapchat, fortel Kristoffersen.

Kan tene 100 000 dollar

Gjennom radioverten Mark Kaye har 20-åringen kome i kontakt med det som kan kallast verdas Snapchat-elite. I eit eige nettforum, med om lag femten medlemmar, deler dei tips og triks om bruk av bildedelingstenesta.

Blant dei femten finn ein Shaun McBride, kjent som Shonduras på sosiale medium. På same måte som Nann Kristoffersen, brukar han humor og teikning på bileta han deler. Og med over 140 000 følgarar på snapchat blir McBride kalla ein pionér innan Snapchat av blant anna Time Magazine.

Store selskap som Disney har fått augene opp for dei som har ein stor følgarskare på snapchat, og ifølge Time Magazine kan dei mest kjente Snapchat-brukarane tene opp mot 100 000 amerikanske dollar i veka på oppdrag frå store selskap.

– Då marknadsdirektøren hos Walt Disney World tok kontakt med meg, skjønte eg at dette kunne vere noko å leve av.

Snapchat som hovudinntekt

Det seier Geir Ove Pedersen, kjent som geeohsnap på sosiale medium. Han har tatt steget ut i frilansverda og har no Snapchat-relatert arbeid som si hovudinntekt.

Geir Ove Pedersen

BETALT OPPDRAG: Her er Geir Ove Pedersen på oppdrag for Lucas Films, Sphero og Disney. – Jeg reiste til paris for å lage en Snapchat-historie om den nye roboten BB-8, sier han.

Foto: Geir Ove Pedersen

– Det meste eg har tent er 40-50 000 kroner på eit par timar. Når ein når ei viss mengde følgarar, så er det gode pengar i dette, seier han.

Dei aller fleste oppdraga han får kjem frå USA, men han har hatt nokre jobbar for europeiske selskap, blant anna AirFrance.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark