Hopp til innhold

Overgrepssaka: Blir nekta å vere på Facebook

Fleire av dei dømte i overgrepssaka i Drammen blir nekta å bruke sosiale medium. Både e-postadresser, profilar på datingsider og Facebook og Skype-kontoar dei dømte har hatt blir sletta.

Facebook

Fem personar er dømt for å a gjort seg skuldig i overgrep mot spedborn eller spreidd bilete av dette. Kontoar dei har nytta på kjente nettstader som Facebook blir og inndratt.

Foto: THIERRY ROGE / REUTERS

Fredag vart tre menn og to kvinner dømt i Drammen Tingrett for ulike gradar av tilknyting til overgrep mot spedbarn eller overgrepsmateriale. Ein 32 år gammal mann frå Drammen er dømt til elleve års forvaring, mens ein 28 år gammal mann frå Oslo fekk åtte års forvaring.

Overgrepssak Drammen Tingrett

Drammen tingrett har laga ei liste over kontoar på Skype, Facebook, Gmail, Hotmail og fleire andre nettstadar som dei dømte ikkje får nytte meir.

Foto: Ester Maria Bjørneboe / Tegning

Samstundes vil retten inndra deira moglegheit til å vere på internett. I dommen går det fram at namngitte kontoar på Facebook, Skype, Decate, Nakenprat, Gmail og Hotmail blir inndratt.

– Uvanleg inndraging

Leiar av forsvarargruppa i Advokatforeningen, Frode Sulland, seier han ikkje har høyrt om slike inndragingar av kontoar på internett før.

– Det finst vide heimlar for å inndra utstyr og gjenstandar i norsk straffelov, men å inndra konkrete mail-kontoar og slikt høyrast uvanleg ut. Spørsmålet er om det har nokon effekt, seier Sulland.

Advokat Frode Sulland

Leiar av forsvarargruppa i Advokatforeningen, Frode Sulland, seier det er uvanleg å inndra epost-adresser og kontoar i sosiale medium.

Foto: Åserud / SCANPIX

I tillegg mistar dei dømte smarttelefonar, datamaskiner, harddiskar og nettbrett som følge av aktiviteten dei har drive med på internett. I dommen går det fram at dei dømte har sendt overgrepsmateriale og nytta nettet til ulovleg verksemd.

Straffelovens §37b seier at «en ting kan inndras når det på grunn av dens art og forholdene dessutan er fare for at den vil bli brukt til en straffbar handling.»

– Får neppe nytte datautstyr i fengselet

Det går ikkje fram av dommen om dei er fråteke retten til å vere på sosiale medium i framtida. Lektor i informatikk ved Universitetet i Oslo, Gisle Hannemyr, seier denne inndraginga nok er meir av prinsipiell betydning.

– Dersom nokon fyllekøyrer gjentekne gongar kan retten inndra bilen. Men ein Facebook-konto kan ein opprette når som helst, så dette er meir eit prinsipp om å inndra det dei har nytta til å spreie overgrep. Uansett skal desse sitte i fengsel lenge, og får neppe tilgang til internett der, etter det dei er dømt for, seier Hannemyr.